
FØRSTE VAKSINEN: Kariann Gudmundson vaksinerer anestesisjukepleiar Silja Fugleberg Bruaset som den første i Helse Møre og Romsdal
– Eg er glad for at vi no går mot ei ny og lysare tid, seier anestesisjukepleiar Silja Fugleberg Bruaset etter at ho fekk den første vaksinen i føretaket. Eg har aldri vore i tvil om å la meg vaksinere, og er veldig glad for at vi som helsepersonell blir prioriterte. Først og fremst for å beskytte pasientane våre, fortel Bruaset.
Det er sårbare einingar, der tenesta må oppretthaldast for å handtere pandemien og lokalsjukehusfunksjonen, som er prioriterte først. Dette i tråd med FHI sine nasjonale retningsliner og felles semje i Helse Midt-Noreg.
– Helse Møre og Romsdal har i første omgang fått tildelt 850 dosar til vaksinasjon. Vi har meldt inn eit behov for ca 1700 dosar for å vaksinere etter FHI si prioritering i gruppe 1. Dei som ikkje blir vaksinerte no i veke 2 og 3, vil få vaksiner så snart vi får tildelt fleire dosar, fortel smittevernoverlege og leiar for vaksineutvalet i Helse Møre og Romsdal, Jørn Åge Longva.