HELSENORGE

Fryktar fleire innleggingar og aukar beredskapen ved Ålesund sjukehus

Dei siste par vekene har gjennomsnittsalderen for personar som har testa positivt på covid-smitte i Møre og Romsdal auka frå 19 år til 36 år. Det bekymrar adm. dir. Øyvind Bakke. Han peiker på at høgare alder gir større risiko for å utvikle alvorleg covidsjukdom og dermed behov for sjukehusinnlegging. 



HMR opplever auka koronasmitte og fleire innleggingar ved Ålesund sjukehus

Øyvind Bakke, adm. dirk. i HMR


- Vi har ein situasjon i Møre og Romsdal og særleg på Sunnmøre med ei rask auke i talet på innleggingar av covidpasientar. Planlagd aktivitet går som normalt, men vi fryktar fleire innleggingar og har derfor auka beredskapen ved Ålesund sjukehus, seier Bakke.
 
Bakgrunnen for at Ålesund sjukehus er satt i grøn beredskap er situasjonen ved sjukehuset med høgt koronabelegg og full intensivavdeling.


- Vi er opptatt av å gi gode helsetenester til befolkninga og har kapasitet til å ta imot fleire koronapasientar.  Vi følgjer situasjonen tett og gjer fortløypande vurderingar av sjukehusdrifta slik at vi heile tida sikrar eit forsvarleg helsetilbod. Dersom vi må utsetje utgreiingar, eller operasjonar er det fordi det er vurdert som fagleg forsvarleg, men likevel beklageleg, seier Bakke. 
 
Helse Møre og Romsdal hadde per. 30. november kl.12.00 totalt 14 covidpasientar innlagd. Fleire av dei uvaksinerte covid-pasientane er så dårlege at dei får intensivbehandling. 

Ta tredje dose 

Avdelingssjef og overlege ved avdeling for medisinsk mikrobiologi Einar Nilsen deler Bakke si bekymring for situasjonen. Nilsen har ei klar oppmoding til befolkninga om å vaksinere seg, også dei som allereie har fått to dosar med covidvaksine

- Det som hjelper mot smittsamheit i samfunnet no er at vi får satt dose 3 med covidvaksine, noko som reduserer risikoen for at ein blir smittsam ovanfor andre. Særleg helsepersonell som behandlar sårbare pasientgrupper bør ta ei oppfriskingsdose, seier Nilsen. 


Einar Nilsen, avdelingssjef og overlege ved avdeling for medisinsk mikrobiologi

​​​To dosar ofte ikkje nok

Nilsen fortel at dersom det er 3- 4 månadar sidan ein har fått dose to av koronavaksina så er ein dårleg beskytta mot å bli smitta og vil kunne smitte vidare. Yngre personar som har fått to vaksinedosar er likevel godt beskytta mot alvorleg sjukdom.

- Vi må også hugse på at den eldre befolkninga har dårlegare beskyttelse mot å utvikle alvorleg sjukdom. Ver forsiktig og bruk munnbind om du er på stader med mykje menneske, oppmodar Nilsen.  

Vurderar tiltak

Leiinga ved Ålesund sjukehus gjer fortløypande vurderingar av behov for tiltak, men førebels går planlagd aktivitet ved sjukehuset som normalt. Pasientar skal møte til timen ved sjukehuset som avtalt. Unnataket er om du er i karantene, eller er sjuk. Da må du ta kontakt med sjukehuset for å avlyse/utsetje timen din

Bakke understreker at Ålesund sjukehus har kapasitet til å ta imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp. Dei andre sjukehusa i fylket har førebels normal beredskap, men er klare til å bistå Ålesund sjukehus ved behov.