HELSENORGE

Fyldig timeplan med live-trening

Ålesund sjukehus er med når Pusterommet sender digitale treningsøkter live for kreftpasientar. Bli med på nye økter kvar vekedag!

Instruktør for Mediyoga, kreftsjukepleiar Ingunn Erstad

Instruktør for Mediyoga, kreftsjukepleiar Ingunn Erstad

Helse Møre og Romsdal har etablerte Pusterom både i Ålesund og Kristiansund:
Pusterommet ÅlesundPusterommet Kristiansund

I lag med Oslo universitetssykehus, sykehuset i Gjøvik og St.Olavs hospital er Ålesund sjukehus med på å fylle opp timeplanen med fleire digitale live-økter kvar vekedag. Tilbodet når ut til kreftpasientar i heile landet, og er eit kjærkome tilbod for dei som har lang reiseveg til sitt næraste Pusterom, eller er avgrensa på grunn av covid-19. 

På dei digitale live-sendingane kan kvar enkelt logge på med namn og epostadresse for å bli med på treninga. Kven som er med er ikkje synleg for instruktørane eller andre deltakarar. Pasientar som er til behandling kan også kontakte sitt Pusterom for rettleiing og tilpassing av øvingane ut i frå fysisk form og sjukdomssituasjon. 

Vil du bli med på neste trening? 

Sjekk timeplanen på aktivmotkreft.no/pusterommet-live 

Live treningsøkt vist på nettbrett

Live treningsøkt vist på nettbrett.