
Marit Vatsaas Vinje, Finn Andersen og Øyvind Bakke då Bent Høie blei orientert om AIO-prosjektet i august.
I tillegg til høgt belegg, har føretaket hatt mange utskrivingsklare
pasientar og det er fortsatt fleire pasientar med covid-19 i Ålesund. For tida
blir alle covid-pasienter i fylket behandla på sjukehuset i Ålesund.
- Etter over halvanna år med pandemi og konsekvensene av den, er det
forståeleg at dette tærar på dei tilsette. Likevel ser vi at vi klarer å ta hand
om alle pasientene i fylket på ein svært god måte. Det hadde vi ikkje lyktes med
om ikkje det var for de tilsette sin store innsats, seier adm. dir Øyvind
Bakke.
Reduserte ventetider innan somatikk
Bakke gleder seg også
over at helseføretaket gjennom heile året så langt har drifta godt, og redusert
ventetidene innanfor somatikk.
- Overskot gir naudsynt økonomisk handlingsrom. Dette gjer at vi kan
fortsette å investere i nødvendig medisin-teknisk utstyr og skape handlingsrom
for planlagte utviklingsprosjekt og vedlikehald innanfor byggområdet.
Eigenkapitalen er viktig både inn mot AIO-prosjektet i Ålesund og ny MR i Volda
og Kristiansund, seier Bakke.
SNR-prosjektet er så langt i rute, og byggearbeidet er godt i gang på tomta
på Hjelset.
Store forventninger til torsdag
Men det som det knyttar
seg størst forventningar til akkurat no er Helse Midt-Norge sin behandling av
det store og viktige AIO-prosjektet i Ålesund. AIO-prosjektet inneber ei større
ombygging og oppgradering av akutt/intensiv/operasjon og tilhøyrande
infrastruktur ved Ålesund sjukehus.
I august vedtok styret i Helse Møre og Romsdal konseptrapporten for dei
bygningsmessige planane for AIO-prosjektet.
- AIO-prosjektet vil føre til betre behandling av intensivpasientar grunna at
vi får brukt rett kompetanse til riktige pasientar. Samtidig får vi betre
overvaking og behandling av intermediærpasientar, og ein vil få på plass isolat
både for luft- og kontaktsmitte. Dette, saman med ei ombygging av
operasjonsavdelinga og nytt akuttmottak, vil gje ei meir moderne og
framtidsretta behandling til dei sjukaste pasientane, seier seksjonsoverlege
Finn Andersen ved Avdeling for akutt, operasjon og intensiv i Ålesund.
Han får støtte av hovudtillitsvald Marianne Nydal i NSF.
- Vi har hatt ein krevjande driftssituasjon med pandemi og høg
arbeidsbelastning i lang tid. I tillegg jobbar vi her ved Ålesund sjukehus i 50
år gamle lokalar, som på mange måtar ikkje tilfredsstiller dagens standard til
sjukehusdrift. AIO-prosjektet er ein heilt nødvendig investering som vil lette
arbeidet i kvardagen for dei tilsette, underbygge god HMS og pasientbehandling.
Fagmiljøa ved Ålesund sjukehus har lagt ned ein stor innsats i planlegginga så
langt og vi har store forventningar til at vi no må få satt planane ut i livet.
Dette er også essensielt for å behalde og rekruttere kritisk kompetanse ved
sjukehuset, seier Nydal.
25. november skal Helse Midt-Norge behandle saka. I styremøtet skal Helse
Midt-Norge ta stilling til tre ting: godkjenning av gjennomført konseptfase,
godkjenne mandat for forprosjekt og eit vedtak om å søke nasjonalt lån som
AIO-prosjektet er heilt avhengig av.
– Det er forståeleg nok knytt store forventningar til dette prosjektet, og eg
forstår godt at mange er spente på torsdagens møte. For pasientane i fylket og
dei tilsette er det prekært å få til ei nødvendig oppgradering av bygningsmassen
slik at vi sikrar gode rammar for pasientbehandlinga i framtida og kan tilpasse
oss nye driftsformer, seier direktør Bakke.