HELSENORGE

Han blir ny fagdirektør

Overlege og professor Erik Solligård (54) blir fagdirektør når Torstein Hole går ut av rolla vinteren 2022.

Erik Solligård

Erik Solligård


Solligård har brei klinisk erfaring og har også vore ein viktig bidragsyter innan forsking- og utdanningsområdet på St. Olavs hospital.

- Eg gleder meg veldig til å byrje å jobbe i HMR. For meg er det viktig å bli godt kjent med alle delar av heile helseføretaket. Min ambisjon er å vere ein strategisk pådrivar for helseføretakets fagutvikling og satsingar i åra framover, og eg ser fram til å gjere mitt for å utvikle helsetenesta til det beste for pasienten, seier Solligård. 
 

​​Bred bakgrunn

Solligård kjem frå stillinga som avdelingssjef og leiar for FoU-avdelinga som er felles for Klinikk for anestesi og intensivmedisin og Klinikk for akutt- og mottaksmedisin ved St. Olavs hospital.  Han er utdanna lege frå NTNU med spesialisering i anestesiologi. 
 
Sidan 2011 har han i tillegg hatt eit engasjement hos NTNU, der han i dei to siste åre har vore professor i intensivmedisin ved Fakultet for medisin og helsevitenskap. 
 
På NTNU har han mellom anna bygd opp Gemini-senteret for sepsisforskning som involverer 20 forskarar frå NTNU, St. Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag og Sintef.
 

- Veldig gledeleg

Solligård har også hatt eit lengre opphald ved Yale University i USA og har jobba mykje med kvalitet og pasientsikkerheit både ved St. Olavs hospital og i Statens helsetilsyn.
 
- Gjennom intervjuprosessen har det vore gledeleg å høyre at Solligård har bitt seg merke i den positive utviklinga Helse Møre og Romsdal har hatt, og ønsker å ta del i utviklinga vidare. Vi får ein fagdirektør med tung erfaring som er oppteke av å bygge fagmiljø. Eg ser veldig fram til samarbeidet med Erik, seier administrerende direktør Øyvind Bakke. 

Solligård går inn i stillinga formelt  frå 1. mars. Torstein Hole vil fortsetje med klinisk arbeid i Helse Møre og Romsdal, i tillegg til rolla han har ved NTNU.