Har innstilt Hent AS til å byggje akuttsjukehuset på Hjelset

Dagen før nedlegginga av grunnsteinen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal har prosjektstyret for SNR vedtatt å innstille Hent AS til kontrakten om fundamentar, råbygg og tett bygg. Dette er den største kontrakten i SNR-prosjektet.

Prosjektsjef for HMR Ketil Gaupset, leiar for prosjektstyret Heidi Nilsen og utbyggingssjef Helge Hestad

- Vi er særs glade for å kunne innstille Hent AS til ein stor og viktig kontrakt for prosjektet og  som er innafor budsjett. Allerede før jul i år vil vi sjå bygget begynne å reise på Hjelset, seier Heidi Nilsen, leiar for prosjektstyret

Prosjektet fekk to sterke tilbod i konkurransen og kor Hent AS leverte det beste tilbodet samla sett vurdert på pris og kvalitet. Kontrakten har ein verdi på over 800 mill. kr. inkl. mva. Karensperioden går fram til 28. juni

Solid entreprenør

Hent AS har fleire store referanseprosjekt å vise til. Mellom anna Scandic Lerkendal og nye UNN i Narvik. Hent var også totalentreprenør for bygginga av Østmarka akuttpsykiatri i Trondheim og LHL-sykehuset på Gardermoen

Fleire entreprisar på veg ut

Så langt i år har SNR-prosjektet inngått fire kontraktar og innstilt til seks andre kontraktar for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Prosjektet planlegg å leggje ut fleire tekniske entreprisar, samt ein konkurranse om innvendig arbeid rett før, eller rett etter sommaren i år.

Bygget som skal huse psykiatri, samt barne- og vaksenhabiliteringa kjem ut som ein eigen totalentreprise vinteren 21/22.