Helse Møre og Romsdal har signert SNR-kontrakt med Tverås

Tysdag 13.april signerte føretaket kontrakt med Tverås Maskin og Transport AS om grunnarbeid for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Planlagd oppstart av arbeidet er tidleg i juni 2021.

Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR

- Signeringa i dag er eit viktig steg vidare for prosjektet og sikrar byggestarten for akuttsjukehuset tidleg i juni. Eg er godt fornøgd med at Tverås blir med oss vidare i prosjektgjennomføringa. Dei er ein solid entreprenør som eg er trygg på at vil gjere ein god jobb for oss, seier Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR-prosjektet

Prosjektleiar Kurt Arve Tverås og KS-leiar Natallia Yahauleva

Viktig kontakt for Tverås

I entreprisen som har ein verdi på 22,6 mill. kroner eks. mva. skal Tverås mellom anna gjennomføre graving, sprenging og flytting av massar, sprenging av fjell og peling, legging av botnleidningar, trekkerøyr for elektro og vatn- og avløpsrøyr, samt klargjering for fundamentering.

- Vi takkar for at Helse Møre og Romsdal har valt oss til denne jobben og vi gler oss til å kome i gang med oppdraget. Vi har allereie eit godt samarbeid med prosjektleiinga i SNR-prosjektet og ser fram til det vidare samarbeidet, seier prosjektleiar Kurt Arne Tverås.

Tverås har vore underleverandør til Skanska i det førebuande arbeidet på sjukehustomta på Hjelset

Som underleverandør til Skanska har Tverås sidan desember 2020 hatt ansvar for førebuande arbeid på sjukehustomta med etablering av parkeringsplassar og anleggsvegar, arbeid med infrastruktur, samt klargjering for ein kontorrigg. Dette arbeidet blir avslutta i løpet av veke 16.   


Sjå oversikt over dei andre entreprisane som er ute i marknaden