
På operasjonsstua i Volda
Fredag gjesta helseminister Bent Høie sjukehusa i Volda og Ålesund. Etter eit møte med fagfolka og leiarar, fekk han bli med på omvisning på sjukehusa.
I Volda gjesta han operasjonsstua saman med overlege i anestesi, Eivind Vinjevoll.
- Det er kjekt å se korleis Volda som lokalsjukehus har utvikla seg, og korleis dei har lukkast med rekruttering. Det er openbart eit stort engasjement og ein glød kring sjukehuset her, sa Høie.

Møte i Volda
I tillegg til Høie deltok også adm.dir Stig Slørdahl i Helse Midt-Norge på møtet og omvisninga.
Seinare på dagen gjekk turen til Ålesund sjukehus, der den planlagte ombygginga av sjukehuset stod øvst på dagsorden.
Saman med anestesioverlege Finn Andersen og seksjonsleiar Marit Vatsaas Vinje fekk Høie sjå nærare på intensivavdelinga ved Ålesund sjukehus.

Høie saman med Marit Vatsaas Vinje, Finn Andersen og Øyvind Bakke
I kjernen av det planlagte byggprosjektet i Ålesund står ombygging og utbetring av lokala for akuttmottak, operasjon og intensiv.
- Det er gjort fint lite med sjukehuskroppen i Ålesund sidan det opna for 50 år sidan. Å få framdrift i dette viktige byggprosjektet er avgjerande for at vi skal gi god pasientbehandling også i framtida, seier viseadm.dir Heidi Nilsen.
Bent Høie var positiv til utviklinga i helseføretaket og syntes det var lagt ein god plan for utviklinga av Ålesund sjukehus.
- Mitt inntrykk er at det går veldig bra i Helse Møre og Romsdal no. Første
føresetnad er at prosjektet er økonomisk berekraftig, då har ein eit grunnlag
for å gå vidare med det. Hvis Helse Midt-Norge går vidare med det,
har regjeringa sin praksis vore å innvilge støtte i dei årlige budsjetta,
sa Høie i møtet med fagfolka og leiinga på Ålesund sjukehus, sa Høie.

Viseadm.dir Heidi Nilsen orienterte om byggprosjektet i Ålesund.