Helsenorge

Hevar beredskapen i Helse Møre og Romsdal

Grunna auka innleggingar med covid-smitta pasientar og auka press på kapasiteten i sjukehusa, settast no helseføretaket i grønn beredskap.

Adm.dir Øyvind Bakke

Adm.dir Øyvind Bakke



Den siste tida har eit større tal covid-smitta pasientar blitt lagt inn på sjukehusa i Møre og Romsdal. Status per 7. desember er 24 innlagte pasientar grunna covid-sjukdom, med 19 pasientar i Ålesund og 5 pasientar i Molde.

Samstundes er kapasiteten på sjukehusa utfordra grunna pasientar med vanlege luftvegsinfeksjonar i tillegg til at det - av same årsak - har vore eit høgare sjukefråver blant dei tilsette den siste tida.  
 
- Vi har allereie heva beredskapen i Ålesund, der covid-pasientane fram til siste veka har vore samla. Men no ser vi at trykket og tal innleggingar aukar også på dei andre sjukehusa i fylket. Når vi no hevar beredskapen, så etablerer vi ein møtestruktur som støttar opp under raske avgjerder og rask effektuering. Vi følgjer situasjonen svært tett og er i stand til å mobilisere personell raskt om situasjonen skulle endre seg, seier adm.dir Øyvind Bakke.
 

Forsøker å oppretthalde normal drift

Bakke understreker at det kan bli aktuelt å redusere planlagt aktivitet, men at føretaket jobbar for å unngå dette.
 
- Vi tilstrebar så godt det lar seg gjere  å oppretthalde normal drift slik at vi kan behandle pasientane som ventar på planlagt utgreiing eller inngrep. Våre dyktige fagfolk strekk seg langt, og det kan innebere at pasientar som venter på eit planlagt inngrep kan få tilbodet ved eit anna sjukehus enn der dei står på venteliste i dag. Vi oppmoder pasientane om å ta imot tilbodet der det blir gitt. Samtidig vil vi understreke at om vi må ta ned planlagt aktivitet, så vil det ikkje gå ut over barn- og unge eller dei som behandlast for kreft eller anna alvorleg sjukdom, seier Bakke og legg til:

- Det er fortsatt viktig å understreke at vi har svært gode smittevernrutinar og at det er trygt på sjukehusa våre. Sjølv om vi no hevar beredskapen, må pasientar som har fått time, møte opp, med mindre dei høyrar noko anna frå sjukehuset. Pasientar med behov for akutt hjelp skal ta kontakt med sjukehusa som normalt. 

Ta vaksina, om du kan​​

Bakke har ei siste oppfordring til befolkninga:

- Det er eit bodskap som ikkje kan gjentakast for ofte: men ta for all del vaksinen, om du kan. Vi ser at vaksinerte som kjem til sjukehusa har kortare liggetid og får eit mindre alvorleg forløp enn uvaksinerte. Dei som har fått to dosar bør ta den tredje dosen om dei får tilbod om det. Ein tredje vaksinedose hjelp både mot smitte i samfunnet og gir oppfriskning av beskyttelse mot alvorleg sjukdom for den eldre befolkninga.