– Leiinga vurderer kapasiteten i sjukehusa fortløpande og set inn nødvendige tiltak. Vi er no på det same beredskapsnivået som dei andre helseføretaka i Helse Midt-Noreg, fortel adm.dir. Øyvind Bakke.
Bakke understrekar at sjølv om Helse Møre og Romsdal no hevar beredskapen, må pasientar som har fått time, møte opp, med mindre dei høyrar noko anna frå sjukehuset. Pasientar med behov for akutt hjelp skal ringe 113 som normalt.