HELSENORGE

Historisk dag da statsministeren la ned grunnsteinen for SNR

- Dette prosjektet har hatt ei lang reise og denne dagen er vi mange som har ventet på, sa Solberg då ho gjekk på scena under dagens markering på Hjelset.


- Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er eit stort prosjekt og det gir tilsette og pasientar betre forhold, fortsatte Solberg

Solberg og grunnsteinen

Paula Skår Næss som er leiar for brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal bisto  statsministeren med å løfte den viktige grunnsteinen på plass.

Sjå opptak frå grunnsteinsmarkeringa her

Sjå den nye animasjonsfilmen om akuttsjukehuset her

Talar under arrangementet

Frå scena fekk dei frammøtte høyre talar frå styreleiar i Helse Møre og Romsdal Ingve Theodorsen, adm. direktør i HMR Øyvind Bakke og styreleiar i Helse Midt-Norge Tina Steinsvik Sund. Alle tre la i sine ord vekt på gleda over endeleg å kunne leggje ned grunnsteinen for eit prosjekt som har hatt nok motgang, og at tida no var inne for å samle befolkninga rundt å realisere prosjektet på ein god måte til det beste for pasienttilbodet.

Les tala frå styreleiar i HMR Ingve Theodorsen her

Les tala frå adm.dir. i HMR Øyvind Bakke her

Styreleiar i HMR Ingve Theodorsen, statsminister Erna Solberg, adm. direktør Øyvind Bakke og vise. adm. dir, Heidi Nilsen​

- Eg kjenner meg trygg på at vidareutviklinga og bygginga av akuttsjukehuset på Hjelset og SNR Kristiansund vil skje i eit godt samspel mellom prosjektet, medarbeidarane, tillitsvalde, verneombod, brukarar, omkring liggjande kommunar, fylkeskommunen, næringsliv og andre interessentar, sa Bakke
 
- La mi flyforseinking bli den siste i dette sjukehusprosjektet avslutta Solberg i si tale. 

Lokalbefolkninga stod oppe på vegen og følgde markeringa

Frå venstre kledd i gult: Tor Harald Haukås, kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Norge, Stig Slørdahl, adm. direktør i HMN, statsminister Erna Solberg, Tina Steinsvik Sund, styreleiar i HMN og Andreas Gehe, arkitekt frå Ratio

Folkefest på Hjelset

På grunn av koronapandemien var gjestelista inne på byggetomta avgrensa, men lokalbefolkninga hadde møtt fram i hundretal og fekk med seg heile seremonien frå orkesterplass rett ovanfor byggetomta.

 


Generasjonskorpset Hjelset Kleive musikkorps fekk gleda av å møte statsministeren med lystige tonar med «Go ahead march!» og jazztrioen Isak følgde opp med fengande jazztonar med si låt «Billies Bounce.

Jazztrioen Trisak spelte under arrangementet

Alle gjestene fekk ei omvising på sjukehustomta av prosjektleiinga og allereie før jul vil bygget begynne å reise seg på Hjelset.

Solberg får informasjon om byggeprosjektet frå prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal