
Frå då adm.dir Bakke hospiterte på føden i Kristiansund i fjor sommar.
Helse Møre og Romsdal har i
likheit med mange andre helseføretak utfordringar med å skaffe nok jordmødre.
Det gjeld ved alle sjukehusa i fylket. Fleire stillingar står ledige og
avdelingane må leige inn vikarar for å dekke vaktene.
Investering for framtida
– Nøkkelen til å bygge
robuste fagmiljø er å utdanne våre eigne fagfolk. Eg er stolt av at vi no gjer
ei historisk satsing på å utdanne fleire jordmødre ved å gi utdanningsstipend
med full lønn. Dette er en svært god investering for framtida, seier Øyvind
Bakke.
Jordmorutdanninga går over to år etter fullført sjukepleiarutdanning
og det krevs eitt års erfaring som sjukepleiar før ein kan starte på
jordmorutdanninga. Dette er ei utdanning mange sjukepleiarar historisk har
finansiert sjølv.
Helseføretaket startar no ein kampanje for å få fleire sjukepleiarar
til å ta jordmorutdanning, og tilbyr 100% lønn i desse to åra mot at dei tek
jobb på eit av dei fire sjukehusa i fylket etter endt utdanning.
Full lønn under - og full
stilling etter utdanning
– Vi garanterer også at dei som fullfører
utdanninga blir tilsett i 100%-stillingar i helseføretaket, seier Bakke, som
lovar at dei no snur alle steinar for å gi best mogleg fødselsomsorg i
fylket.
Tillitsvalt for jordmødrene i Helse Møre
og Romsdal er strålande nøg med beslutninga.
– Dette visar at helseføretaket er villig til å satse. Å få 100 % lønn
under utdanning og lovnad om full stilling etterpå er fantastisk, seier Cathrine
Solsletten som er føretakstillitsvald for Den norske jordmorforening.
Ho får støtte som for støtte av
føretakstillitsvalt Anette Lekve i Norsk Sykepleierforbund.
– Det
er eit stort behov for jordmødre, så dette er verkeleg eit etterlengta og
nødvendig grep. Det er kort frist, men vi håper no at folk hiv seg rundt og tek
utfordringa, og at dette motiverer dei som kanskje har vore inne på tanken om å
vidareutdanne seg i jordmorfaget, seier Lekve.
Slik søkar
du:
Helse Møre og Romsdal vil gi både eigne tilsette og eventuelt
kommunalt tilsette sjukepleiarar dette tilbodet. Slik kan du søke:
1)
Mange høgskoler har frist 1. mars. Skal
du søke om utdanningsstipend må du først søke om plass på aktuell
høgskule. Dette gjer du på høgskulen sine sidar.
2)
Når du har søkt om plass på høgskule,
kan du søke om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal. Her er lenka til vår utlysing
Desse utdanningsinstitusjonane tilbyr
jordmorutdanning på fulltid frå hausten 2021:
Høgskulen på
Vestlandet (Bergen) - frist 1. mars
Oslo Met (Oslo) - frist
1. mars
Universitetet i Stavanger -
frist 1. mars
Universitetet
i Tromsø - frist 1. mars