HELSENORGE

Hjelper pasientar med ryggsmerter

Som eit av få offentlege sjukehus i Norge tilbyr Ålesund sjukehus innsetting av skiveproteser i ryggen. Eit tilbod som har gitt mange pasientar kvardagen tilbake.

Overlegane Jørn Aaen og Vidar Punsvik har sidan 2004 hjulpet mange pasientar med ryggsmerter ved innsetting av skiveprotese i ryggen.

Ryggplager er noko dei fleste av oss har opplevd, og for mange av oss fører det til langtidssjukemelding og smerter over lang tid. Teamet ved kirurgisk avdeling i Ålesund har sidan 2004 behandla pasientar med ryggsmerter knytt til slitasje på ryggskivene ved innsetting av skiveproteser.
- For dei rette pasientane meiner vi at dette er ei betre behandling enn å ikkje operere i det heile tatt. Dette er eit tilbod for dei pasientane som opplever store smerter og ikkje kan leve et fornuftig liv med rimeleg livskvalitet, og som har prøvd treningsprogram over lang tid, seier overlege i ortopedi Vidar Punsvik ved kirurgisk avdeling i Ålesund.

For pasientar i yrkesaktiv alder
Pasientgruppa som får tilbod om skiveprotese i ryggen er ofte personar i yrkesaktiv alder mellom 30 og 60 år. Mange av desse er langtidssjukemeldte på grunn av plagene og klarer ikkje å stå i jobb eller å fungere i dagleglivet.
- Dei pasientane vi operer har smerter, nedsatt funksjon og ulike kvardagssplager som gjer at dei ikkje får gjort det dei ønskjer å gjere. Dei har smerter som kjem når dei bruker ryggen, og ofte varierande smerter som kjem ut i beina som strålesmerter, seier seksjonsleiar og overlege i ortopedi Jørn Aaen.

Passar ikkje for alle
Overlege Punsvik fortel at innsetting av skiveprotese ikkje passar for alle som har slitasje på ryggskivene. Det som skjer med alderen er at vi får slitasje i ledda i ryggen. Nokre har mindre og andre har meir. Ofte er det slik at dei eldste pasientane har størst slitasje i ledda, og ei skiveprotese vil for desse kunne hjelpe i starten, men så vil slitasjesmertane i ledda skape ny smerte. Derfor må vi ofte ekskludere ei stor gruppe pasientar.

For pasientar som har slitasje i skivene i ryggen så er det i hovudsak to metodar som blir nytta. Å stive av deler av ryggen i det området skivesjukdommen er, eller å sette inn skiveproteser.
- Ser ein på forsking og litteratur internasjonalt er det fleire positive sider med skiveprotese enn avstiving. Vi mener difor at når ein først skal operere, så er skiveprotese det beste alternativet, seier Punsvik. 

Ei skiveprotese erstattar eit ledd i ryggen og består av to titan komponentar med ein plastikkomponent imellom, og fungerer på samme måte som ei hofte- eller kneprotese.

Framtidsretta behandling
Overlege Jørn Aaen fortel at alle ryggoperasjonar blir registrert i eit nasjonalt register, og talla viser at dei som får satt inn skiveprotese kjem litt betre ut enn dei som får stiva av deler av ryggsøyla. Avstiving gjer at leddet forsvinn, medan ei skiveprotese erstatter den funksjonen leddet skal ha – på samme måte som ei hofteprotese eller ei kneprotese. Ved avstiving så vil ein også belaste naboleddet meir enn ved ei protese. Og ein unngår dermed den meirbelastninga naboleddet får ved å operere inn skiveprotese. Sånn sett er dette ei meir framtidsretta behandling.

Gode resultat
Å sette inn skiveprotese er ein operasjon som krev høg kompetanse, og det er ein av grunnane til at det kun er Ullevål sjukehus og Ålesund sjukehus av dei offentlege sjukehusa som tilbyr skiveprotese operasjon. Operasjonsteknikken krev meir erfaring og kompetanse enn dei fleste ryggoperasjonar. Teamet ved Ålesund sjukehus har gjort slike operasjoner sidan 2004.
- Når vi byrja å sette inn skiveproteser i rygg i 2004, så bestemte vi for oss å følgje pasientane i 10 år etter operasjonen. Og det viser seg at det har gått like bra med desse pasientene, som dei som har fått avstivingsoperasjonar, opplyser overlege Punsvik.

Protese innsatt i nederste skivenivå i lenderygg. Tatt frå sida og front.