HELSENORGE

Innfører sterkare tiltak i Ålesund, Giske og Sula kommune

Dette får følgende konsekvenser for pasientar og besøkande på Helse Møre og Romsdal sine institusjonar.

Korona
Illustrasjon

Ålesund, Giske og Sula kommuner går saman om sterke tiltak mot koronona. Det er innført førebels forskrift som er gjeldande for HMR sine institusjonar i Ålesund kommune og tilsette busett i desse kommunane.

HMR sine institusjonar i Ålesund kommune er: Ålesund sjukehus, DPS Vegsund og Ålesund behandlingssenter.

Frå i morgon kl 08.00 innfører desse institusjonane følgande retningsliner:

  • Det vert innført besøksstopp frå mandag morgon ved institusjonane til HMR i Ålesund kommune. Dette gjeld ikkje besøkande til pasientar i livets siste fase, naudsynte ledsagarar, og partnar/ledsagar til fødande, barselkvinner og barn. Slike besøk må avtalast direkte med avdelingane. 
  • Alle pasientar og naudsynte ledsagarar ved poliklinikkar/dagbehandling skal bruke munnbind. 
Ålesund kommune er no i tiltaksgruppe B. Det betyr at pasientar frå Ålesund, Sula og Giske kommune som har avtale ved Kristiansund, Molde eller Volda sjukehus, må ta kontakt med behandlande avdeling før  oppmøte.

Det vert i utgangspunktet ikkje innført særskilte restriksjonar for behandling av pasientar frå desse kommunane ved HMR sine institusjonar i Ålesund kommune (Ålesund sjukehus, Vegsund DPS, Ålesund Behandlingssenter).  Er du i karantene eller i ventekarantene, skal du imidlertid kontakte avdelinga før oppmøte.

Vi vil likevel understreke at det er trygt å kome på sjukehusa, og at pasientar ikkje må avbestille timer ved våre institusjonar.