HELSENORGE

Innstiller HENT AS til ein ny kontrakt for SNR-prosjektet

Prosjektstyret for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal har innstilt HENT AS til kontrakten om innvendig arbeid for det nye akuttsjukehuset som skal byggast på Hjelset. 

​- Vi er glad for å kunne innstille HENT AS til oppdraget. Dei er allereie etablert på Hjelset og har levert godt arbeid for oss så langt. Vi ser fram til det vidare samarbeidet og planlegg kontraktsignering etter at karensperioden går ut 6.desember, seier Heidi Nilsen, leiar for prosjektstyret​

Stor kontrakt

Kontrakten med HENT er den 15 kontrakten som prosjektet inngår som ein del av den nye entreprisestrategien. Arbeidet består mellom anna av innvendig arbeid med veggar, golv og tak i det somatiske bygget og i den tekniske sentralen på Hjelset. Kontraktsummen er på om lag 800 mill. kroner inkl. mva. 

- Vi vil nå gjennomføre ein samhandlingsfase med HENT og fortsetje med prosjekteringa før byggearbeida knytt til det innvendige arbeidet startar opp sommaren 2022, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal

Om SNR-prosjektet

SNR Hjelset blir på om lag 65.000 kvadratmeter og SNR Kristiansund blir på om lag 5500 kvadratmeter. SNR skal dekkje eit opptaksområde på om lag 120.000 innbyggarar på Nordmøre og i Romsdal. Det nye fellessjukehuset skal etter planen vere i full drift våren 2025.

Fann du det du leita etter?