– På grunn av smittessituasjonen etter jul har leiargruppa vedtatt å innføre besøksrestriksjonar ved institusjonane våre fram til og med 18.01.21. Vi går attende til avgrensingar til eitt besøk med maksimalt to personar til kvar pasient kvar dag og ein halv time varigheit. Ved besøk til pasientar på fleirsengsrom, kan det berre vere besøk til ein pasient om gangen. Alle besøk skal avtalast på førehand. Restriksjonane gjeld ikkje kritisk sjuke og/eller døyande. Det vert uendra rutiner ved føde-/barsel i HMR, fortel fagdirektør Torstein Hole.
Fagdirektøren legg til at det også er plikt til bruk av munnbind for besøkande til innlagde pasientar i same periode. Det er ikkje plikt for pasientar med polikliniske avtalar eller andre besøkande.
Les meir om oppmøte, rutine og besøkstider her