Covid-19

Koronapasientar i fylket skal til Ålesund sjukehus

Pasientar med påvist Covid-19 som har behov for sjukehusinnlegging skal frå 13. oktober samlast ved Ålesund sjukehus.

​Fram til no har både Molde og Ålesund sjukehus tatt i mot og behandla Covid-19-pasientar som treng sjukehusinnlegging. Helse Møre og Romsdal ønsker å samle denne pasientgruppa for å sikre mest mogleg av den ordinære sjukehusdrifta i fylket. 
– Dette vil bidra til å auke kapasiteten for alle andre pasientar ved at 3 av 4 sjukehus kan ha tilnærma normal drift, fortel klinikksjefane ved Ålesund og Molde sjukehus, Elisabeth Siebke og Georg Nikolai Johnsen.  
 
Alle dei fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal skal kunne ta imot og stabilisere dårlege Covid-19-pasientar i mottak og/eller på intensiv, mens vidare behandling skal skje ved Ålesund sjukehus. Dette gjeld både for pasientar som må ha intensivbehandling og andre.