HELSENORGE

Legionella funn ved Kristiansund sjukehus

Etter ein kontroll fredag fann ein Legionella bakterier i 3 av 12 vannprøver ved Kristiansund sjukehus. Strakstiltak er satt i verk og det er liten risiko for pasientar og tilsette grunna lave verdiar.

​Det er i dag fredag bekrefta oppvekst av bakterien Legionella i 3 av 12 vannprøver ved Kristiansund sjukehus. Alle dei positive prøvene kjem frå sjukehuset si vestfløy.
- Vi har hatt dialog med FHI som kan bekrefte at det er liten risiko for pasientar og tilsette sidan funna viser lave verdiar. Dei høgaste verdiane ble gjort på eit teknisk rom, som no er avstengt, seier smittevernrådgivar Anne Iren Kjønnøy.

Kjønnøy legg til at det er gjort ei rekkje strakstiltak ved sjukehuset si vestfløy for å hindre at pasientar og tilsette blir utsett for bakterien.

Tiltaka gjeld kun vestfløyen på sjukehuset, og hendinga vil ikkje ha driftsmessige konsekvensar for sjukehuset. Fredag kveld blir det gjennomført rensing av vannanlegget med høg temperatur. Nye prøvar blir tatt i løpet av neste veke.