Manglar fagfolk - samlar fødetilbodet i Nordmøre og Romsdal midlertidig i Molde

- For å skape eit forutsigbart og trygt pasienttilbod, må vi ha gode arbeidsvilkår for våre tilsette. Vi ser at alterneringa er ein krevjande driftsform, og når ansvarleg leiar og gynekolog ikkje lenger kan stå inne for forsvarlegheita, er vi nødt til å ta grep, seier adm.dir Øyvind Bakke.

Avd.sjef Øyvind Nytun og adm.dir Øyvind Bakke på vei til personalmøte i Kristiansund onsdag ettermiddag.
Avd.sjef og gynekolog Øyvind Nytun og adm.dir Øyvind Bakke på vei til personalmøte i Kristiansund onsdag ettermiddag.

Frå 8. februar og ut året vil fødetilbodet samlast midlertidig i Molde. Dette skjer etter at ein har erfart drygt tre månadar med alternerande drift, der fødeavdelingane ved Molde og Kristiansund har bytta kvar 14. dag på å halde opent.

- S
om helseføretak er det vår plikt å tilby trygg og forsvarleg pasientbehandling. Fagleg forsvarlegheit er avhengig av fleire faktorar. Vi har svært dyktige faste tilsette både i Kristiansund og Molde, men for desse er arbeidsbelastninga no for stor. Eit forsvarleg arbeidsmiljø er ein føresetnad før vi i det heile tatt kan byrje å tenke på å behandle pasientar, seier avdelingssjef Øyvind Nytun.

Nytun fryktar at heile tilbodet innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar i Nordmøre og Romsdal står i fare for å rakne om ein ikkje tek grep no.

- Vi ser at noverande driftsform er svært krevjande. Mens vi for eitt halvt år sidan var i ein situasjon der gynekologane hadde for høg arbeidsbelastning og ei arbeidstid langt utover unntaksmoglegheitene arbeidsmiljøloven gir, har belastninga etter at vi starta med alternering blitt flytta over på jordmødre og barnepleiarar, seier adm. dir Øyvind Bakke og legg til:

- Vi har fantastisk dyktige og kompetente jordmødre og barnepleiarar i Kristiansund. Vi har stor forståing for at dei opplever dette som krevjande, og eg skulle verkeleg ønske at situasjonen var annleis.

For stor vikarbruk

Bakke og konstituert avdelingssjef Øyvind Nytun har hatt tett dialog med dei tilsette heile vegen. Gjennom hausten og vinteren 2020 har det vore fleire møte, både med personalgruppene, men også med tillitsvalde og vernetenesta. 

- I tillegg har vi i denne perioden sett eit aukande behov for vikarar. Dette er  eit av uttrykka for belastninga denne driftsforma medfører for dei tilsette. Vi ser vi treng omfattande bruk av vikarar for å drifte fram til mars. Dette er ei stor bekymring, då vikarbruk er ein kjent risiko for kvalitet og fører med seg ein unødig stor belastning for dei faste tilsette, seier Øyvind Nytun.

Alterneringa vil etter planen fortsette til 8. februar, og så vil fødetilbodet samlast i Molde ut året. Noko av bakgrunnen for å samle tilbodet i Molde er at ein har dobbelt så mange fast tilsette gynekologar i vaktordninga der. 

- Det er viktig å understreke at det er den akutte fødselshjelpa som flyttast midlertidig til Molde. Det skal fortsatt vere gynekologisk poliklinikk, ultralydpoliklinikk, dagkirurgi og svangerskapspoliklinikk ved Kristiansund sjukehus, seier Nytun. 

Krevande å rekruttere

Nytun, som er overlege og kjem frå stillinga som gynekolog på St. Olavs hospital, tok over avdelingsleiaransvaret i midten av november. I tida han har vore her, har han vore i dialog med gynekologar som tidlegare har jobba i Kristiansund, samt kontakta dei større sjukehusa i landet for å forsøke å rekruttere folk til Møre og Romsdal. 

- Det har blitt jobba hardt for å skaffe fleire gynekologar. Det er tilbudt økonomiske insentiv innanfor gjeldande rammar i offentleg helsevesen og forsøkt å legge til rette for arbeids- og boforhold så langt det lar seg gjere. Det har også blitt fremma personlege krav som leiinga har innfridd. Desse faktorane har langt på veg vore ein føresetnad for tilsettinga av to nye overlegar, seier Igor Jokic, som er føretaktstillitsvald for overlegane i Helse Møre og Romsdal

- Dette er krevjande fordi det er ein mangel nasjonalt både på gynekologar og jordmødre. Vi har heldigvis fått på plass to nye overlegar innan gynekologi, men desse kompenserar ikkje for naturleg avgang. Med andre ord har vi ikkje greidd å oppnå nødvendig styrkinga av avdelingane, seier Nytun.

Adm. dir Øyvind Bakke understreker at alle tilsette er sikra arbeid i Helse Møre og Romsdal. 

- I ein overgangsfase skal vi gjere alt vi kan for å tilrettelegge best mogleg for tilsette som får lenger reiseveg til jobb på nokre av vaktane sine. Det er viktig for oss å følgje opp og ivareta våre dyktige tilsette på ein god måte i tida framover, seier Bakke.

Bakgrunn for saka:

  • I fjor vår slo legeforeninga alarm om for stor vaktbelastning på gynekologane i Nordmøre og Romsdal og omfattande brudd på arbeidsmiljøloven
  • Arbeidet med å sjå på alternativ driftsform starta på forsommeren 2020 
  • Frå 5. oktober har Molde og Kristiansund sjukehus veksla mellom å ha fødeavdelinga open kvar 14. dag
  • For fødande med reiseveg over 90 minutt til næraste sjukehus, er det sete i verk ekstra tiltak
    • Ekstra oppfølging i veke 35-36 med ultralydkontroll på sjukehuset og vurdering av svangerskapet 
    • Informasjon om følgeteneste
    • Tilbod om hotell 14 dagar før termin
    • Informasjon om å ta tidleg kontakt med fødeavdelinga som er open
I tillegg har nokre av fødande fått ekstra oppfølging per telefon ei veke etter ekstra-kontrollen.

Opningstidar fram til 8. februar
​Opningstid ved fødeavdelingane fram til 8. februar
​Veke 2 og 3:
​Molde sjukehus
​Veke 4 og 5:
​Kristiansund sjukehus

Til deg som skal føde i Nordmøre og Romsdal

Les meir informasjon på desse sidene:

Føde-barsel Kristiansund

Føde-barsel Molde