HELSENORGE
Covid-19

Munnbind ved Ålesund sjukehus og omkringliggande institusjonar

Vi tilrår alle* pasientar og besøkande ved Ålesund sjukehus og mindre institusjonar i Ålesund å bruke munnbind ved besøk/oppmøte til time. 

På grunn av andre smitteverntiltak som er iverksett, med adgangskontroll, screening og oppfølging, er munnbind hos oss ei tilråding, og ikkje eit påbod.  Innlagde pasientar treng ikkje bruke munnbind. 

Tiltaket er iverksett som følgje av smittesituasjonen i området og iverksett korona-føreskrift i Ålesund og Sula kommune frå 23. august. Tiltaket gjeld til og med 6. september. 

*Gjeld ikkje dei under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruke munnbind.