Ny straumforsyning: Storkontrakt til lokalt firma

– Det er veldig kjekt at lokale bedrifter er konkurransedyktig, seier Heidi Nilsen, som har gitt kontrakt til selskapet ACEL for å levere elektroarbeidene ved oppgradering av straumforsyninga ved Ålesund sjukehus.

Viseadministrerande direktør Heidi Nilsen saman med administrerande direktør Klaus Idar Kjerstad frå elektroentreprenøren Acel.

Arbeidene med å oppgradere straumforsyninga ved Ålesund sjukehus er godt i gang. Etter ein periode med detaljplanlegging er no fleire byggeprosjekt igangsatt ved sjukehuset. Ein fellesnevnar for dei fleste kontraktene som er inngått hittil, er at det er lokale leverandørar som har vunne fram.
- Fleire tilbydarar har levert inn anbod på dei utlyste konkurransane. Det syner at dette er viktige prosjekt å delta på. Det er også særs hyggelig at dei lokale aktørane er konkurransedyktige og vinn fram. Noko som styrker næringslivet i fylket vårt, seier viseadministrerande direktør Heidi Nilsen, som er ansvarleg for byggearbeida ved sjukehuset.

Jubelen stod i taket
Det er elektroentreprenøren Acel som skal stå for elektroarbeida ved Ålesund sjukehus. Selskapet held til i Ålesund og er ei bedrift med lang fartstid innan faget.
- Jubelen sto i taket, og tradisjonen tro blir det nå kake på alle mann, seier Klaus Idar Kjerstad som er administrerande direktør i selskapet. 
Kjerstad fortel at dette er ei spesielt spennande kontrakt for selskapet både med omsyn til leveranseomfanget, men også at det blir teknisk utfordrande.
- Det var veldig motiverande for oss å lande denne kontrakta. Vi har ved fleire høve konkurrert om ulike anbud frå helseføretaket, og det var no ekstra kjekt å lukkast med å kome i mål denne gongen, seier Kjerstad.

Betyr fleire arbeidsplassar
Selskapet har i over 50 år produsert elektrotavler i lokala sine i Ålesund. 1/3 del av kontraktsverdien er knytt til å bygge ulike elektrotavler som skal installerast rundt om på sjukehuset for å gi stabil straumtilførsel.
- Kontrakta betyr at vi vil søkje etter fleire medarbeidarar både på tavleproduksjonen og installasjon, sidan dette er ei vesentleg auke i volumet vårt, opplyser Kjerstad, som legg til at dei som lokal leverandør er kun 10 minutt unna sjukehuset om anlegget treng sørvis.

Ferdig mai 2022
Arbeidet Acel skal utføre er oppgradering frå 230 volt til 400 volt anlegg. Det innebærer montering av elektrotavler, bytte av strømtrafoar, kabling og installasjon. Ein stor del av arbeidet blir også å koordinere underleverandørar.
- Arbeidet startar omgåande med detaljplanlegging, og vi ser for oss fysisk oppstart på sjukehuset i april. Planen er å være ferdig med heile oppgraderinga i mai 2022, seier Kjerstad.


Bakgrunnen for at det no byggast ny straumforsyning ved Ålesund sjukehus er at straumforsyninga i dag er i hovedsak frå då bygget var nytt rundt 1970, og at hoveddelen av anlegget er teknisk forelda og må skiftast ut. Dei eksisterande elkraftaggregata («naudstrømaggregata») har også for liten kapasitet, for å dekke heile bygget godt nok, og ikkje minst for å forsyne det medisintekniske utstyret med 400 volt.

I tillegg til denne kontrakta har Søvik & Skåravik fått kontrakta med å bygge aggregatbygget. Østerbø Maskin skal levere naudstraumsaggregata. Det er også lyst ut anbod på utvendige og innvendige bygningsmessige arbeid knytt til ny straumforsyning.

Viseadministrerande direktør Heidi Nilsen saman med administrerande direktør Klaus Idar Kjerstad frå elektroentreprenøren Acel.