Nye tiltak for tilsette, pasientar og besøkande i Helse Møre og Romsdal

Helsemyndigheitene har kome med nye nasjonale anbefalingar. Slik påverkar dette oss i helsetenesta.

– Spesialisthelsetenesta har allereie strenge smitteverntiltak for besøkande og tilsette, og vi får eigne nasjonale anbefalingar for våre tenester. Kjernegruppa for covid-19 i Helse Møre og Romsdal vurderer fortløpande risiko og tiltak etter smittesituasjonen for å gi trygge rammer for pasientbehandling og for våre tilsette, fortel smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.

Bruk av munnbind i Helse Møre og Romsdal

Helsemyndigheitene iverksette 25. mars nye nasjonale anbefalingar, med mellom anna tilråding om bruk av munnbind på offentleg stad der ein ikkje kan oppretthalde avstand på minimum 2 meter. Med dei strenge smitteverntiltaka i sjukehusa, skal vi også vurdere om det er nødvendig med utvida bruk av munnbind. Kjernegruppa har konkludert med følgjande:

  1. Vi tilrår alle* pasientar, med eventuell ledsager, å bruke munnbind ved oppmøte til time. På grunn av andre smitteverntiltak som er iverksett, med adgangskontroll, screening og oppfølging, er munnbind hos oss ei tilråding, og ikkje eit påbod
  2. Vi vil minne våre tilsette om å vurdere bruk av munnbind når ein ikkje kan oppretthalde avstand på 1 meter 

*Gjeld ikkje dei under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Besøksstopp ved alle våre institusjonar

For å avgrense antal personar som er innom sjukehusa og institusjonane i Helse Møre og Romsdal har kjernegruppa innført besøksstopp fram til 12. april. Besøksstopp har frå 22. mars vore gjeldande for våre institusjonar i Ålesund kommune, men er no overført til å gjelde alle einingar.

Besøksstopp gjeld også for våre tilsette som er pårørande til inneliggande pasientar. Dette er for at avdelingane skal ha god kontroll på kven som til ei kvar tid har vore innom avdelinga.

Tiltaket omfattar ikkje besøkande til pasientar i livets siste fase og partnar/ledsagar til fødande, barselkvinner og barn. Slike besøk må avtalast direkte med avdelingane.

Heimekontor og reiser mellom sjukehusa

Alle som kan ha heimekontor, skal ha heimekontor. Dette betyr at dei fleste stabsfunksjonar no arbeider heimanfrå. Klinisk personell, også seksjonsleiarar i klinikkane skal som hovudregel vere på sjukehusa.

Reiser mellom sjukehusa/institusjonane skal avgrensast til eit minimum. Kun reiser som er nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift, eller dersom leiarar ser det nødvendig for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av personale, kan gjennomførast.