Nytt smittetilfelle ved Ålesund sjukehus

Torsdag 22. april testa ytterlegare ein tilsett ved Ålesund sjukehus positivt for Covid-19. Seks tilsette er sett i karantene.

​Ein tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på Covid-19 torsdag. I samband med den positive prøven er også seks andre tilsette sett i karantene. Personen som har testa positivt har fått ein dose av AstraZeneca-vaksinen. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men smittevernrutinane er fulgt.

– Vi tar i dag kontakt med dei aktuelle pasientane, fortel klinikksjef Elisabeth Siebke, og legg til at den tilsette har fulgt smittevernrutinane og det er låg risiko for smitte. 
 

Må utsette planlagde behandlingar

– På grunn av at fleire tilsette er sett i karantene, må vi utsette planlagt aktivitet ved avdelinga den komande veka. Pasientane som får utsatt timane sine blir kontakta, fortel Siebke. 
 
Den tilsette har blitt smitta utanfor sjukehuset, og har ikkje vore på jobb etter at symptoma meldte seg. Smitten er ikkje knytt til tidlegare meldte tilfelle ved Ålesund sjukehus.