Nytt tilbod for pårørande til psykosepasientar

– Med eit nytt digitalt verktøy kan vi tilby støtte til familiar innanfor sikre rammer i den utfordrande pandemien vi står i.

Ambulante tenester allmenn, ved Ålesund distriktpsykiatriske senter (DPS) har tatt i bruk eit nytt tilbod til pårørande av psykosepasientar, REACT. Dette er eit digitalt sjølvhjelpsverktøy i tillegg til nettbasert rettleiing frå kvalifisert fagpersonell og REACT-rettleiar og psykiater Lisbeth Pedersen.

Verktøyet er utvikla i samarbeid med personar med psykoselidingar og forskarar i Lancaster Care NHS Foundation Trust i England, medan Helse Sør-Øst har bidrege med omsetting til norsk og kursing. Pårørande som har evaluert tilbodet har meldt om meir glede og overskot og at det er godt å bli sett gjennom REACT-rettleiing.

REACT blir førebels tilbydd til pårørande av psykosepasientar som er til behandling ved Ambulante tenester allmenn, og ACT-teamet ved Ålesund DPS, men ein arbeider også med å få gjort dette tilgjengeleg for fleire.

Sjå presentasjonen av REACT som Eva Stin Gjengedal Vatne, Astrid Tanem og Ann Jorunn Hoseth har laga i samband med den internasjonale sjukepleiedagen 12. mai 2021 – Sjukepleie og teknologi: