Hugs at du ikkje kan besøke nokon på sjukehuset dersom
- du kjenner deg sjuk
- har oppkast/diare
- har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon
- du eller nokon av dine nærkontaktar er i isolasjon på grunn av Covid-19
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med aktuell avdeling på førehand og følgjer deira smittevernråd.
Alle besøkande må bruke munnbind (Gjeld ikkje dei under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruke munnbind).
Pasientar skal kome til time som normalt
– Det er fortsatt viktig å understreke at vi har svært gode smittevernrutinar og at det er trygt på sjukehusa våre. Sjølv om vi no hevar beredskapen, må pasientar som har fått time, møte opp, med mindre dei høyrar noko anna frå sjukehuset. Pasientar med behov for akutt hjelp skal ringe 113 som normalt, fortel adm.dir Øyvind Bakke.
Sjå også: Viktig informasjon til pasientar og besøkande