Opprettar tilbod til pasientar med seinfølgjer etter Covid-19

Helse Møre og Romsdal opprettar no tilbod til pasientar som har fått seinfølgjer etter å ha blitt smitta av koronavirus. Tilbodet går til både pasientar som har hatt sjukehusinnlegging og dei som har hatt eit mindre alvorleg sjukdomsforløp.

Ein del av teamet som skal følgje opp pasientar med seinfølgjer av Covid-19 ved Ålesund sjukehus. F.v. seksjonsleiar Hanne Elde, psykologspesialist Johan Pettersen og overlege Ingvild Rostad Kjeldberg.


Seksjon for Fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus har lang erfaring i å følge opp pasienter etter alvorlige sykdom med langvarige forløp i intensivavdeling med respiratorbehandling, og dei skal no gi tilbod til pasientar som har gjennomgått alvorlige sjukdomsforløp med Covid -19. Seksjonen vil også gi eit tilbod til pasientar med seinfølger etter milde og moderate sjukdomsforløp uten behov for sjukehusinnlegging i akuttfasa.
- Ein del av Covid-19 pasientane opplever fysiske og kognitive seinfølgjer. Det kan vere hukommelses- og konsentrasjonsvanskar, emosjonelle problem som angst/depresjon, utmatting, smerter og redusert funksjon i musklar og lunger. Dette er symptom som er kjent frå pasientgrupper som vi har lang erfaring med å behandle ved seksjonen. Vårt tverrfaglege team kan difor skreddarsy eit behandlingstilbod for Covid-19 pasientar for å få dei raskare tilbake i kvardagen, seier seksjonsleiar Hanne Elde.

Raskt utmatta
Spesialistane ved seksjonen har allereie tatt imot ein del pasientar med seinfølgjer av Covid-19. Psykologspesialist Johan Pettersen har saman med teamet difor gjort seg ein del erfaringar.
- Pasientane vi har plagast ofte med konsentrasjonsvanskar som å holde fokus over tid, huske ting i det daglege, og dei har ofte vanskar med å hugse ny informasjon. Og ikkje minst, dei blir sliten og utmatta mykje raskare enn dei er vant til. Batteriet blir rett og slett fortare flatt, seier Johan Pettersen.
Pettersen fortel at det som ser ut til å hjelpe best er å tilpasse aktivitetsnivået i kvardagen. Pasientane må ofte senke aktivitetsnivået i forhold til det dei er vant til for å ikkje overbelaste, stresse eller tappe seg heilt ut.

Kan ivareta dei ulike utfordringane
- Pasientgruppa har svært ulike behov. Det er difor viktig at vi møter pasientane med eit bredt behandlingstilbod som kan ivareta dei ulike utfordringane dei står i, seier seksjonsoverlege Ingvild Rostad Kjeldberg, og fortel at tilbodet kan innehalde utredning av fysisk funksjon, fysisk trening, nevropsykologisk vurdering av kognitive vanskar, meistringssamtalar og bistand til å kome seg tilbake på jobb. 

Kjeldberg legg til at seksjonen allereie har lang erfaring i å hjelpe dei som slit med å komme tilbake til kvardagen, jobb eller studiar etter både fysiske og mentale utfordringar via eit etablert HelseIArbeid tilbod og eit spesialisert rehabiliteringstilbod. Denne erfaringa nyttar vi for Covid-19 pasientane og møter dei med eit tverrfagleg team beståande av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, nevropsykolog, sosionom, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleier og logoped.

Fylkesdekkande tilbod
Tenesta som er tilgjengeleg ved Ålesund sjukehus er eit fylkesdekkande tilbod. Akuttsjukehus, fastlege eller spesialist kan tilvise til behandlinga. Der det vurderast av pasienten har behov for eit spesialisert rehabiliteringstilbod, vil han/ho få eit individuelt tilpassa rehabiliteringsprogram. Dette kan tilbys som poliklinikk, døgnopphold eller ambulerande teneste.