Otterlei har lang erfaring frå kommunal sektor, og har dei siste åra vore
kommunalsjef innan helse og omsorg i Sykkylven kommune. Ho har også vore
konstituert kommunedirektør i ei periode.
Ho er utdanna sjukepleiar og har også jobba fleire år i
it-bransjen.
- Det er svært viktig med ei tydeleg rolle, oppgåve- og
ansvarsdeling mellom primær- og spesialishelsetenesta. I ein hektisk og kompleks
kvardag er dette avgjerande for å ivareta pasienten og sikre eit heilskapeleg og
godt behandlingstilbod. Eg ønsker å vere ein pådrivar for utvikling og styrking
av samarbeidet mellom kommunane og helseføretaket gjennom stillinga som
samhandlingssjef, seier Otterlei.

Otterlei vil få ansvar for 17 tilsette
som følgjer opp samhandlingsavtalen mellom helseføretaket og kommunane i fylket,
opplæring av pasientar og pårørande, koordinerande eining, barnekoordinator,
fritt behandlingsval og praksiskonsulentordninga.
- Med Otterlei styrkar
vi kompetanse og kunnskapen om kommunehelsetenesta i helseføretaket. Vi skal
styrke samarbeidet med kommunane slik at pasientene i større grad opplever èi
helsetjeneste. Ho vil bli ein nøkkelperson i samspelet mellom oss og kommunane i
tida framover for å lykkast med det arbeidet, seier adm.dir Øyvind Bakke.
Frå 1. april er samhandlingsavdelinga og kommunikasjon samla i ei avdeling
leia av kommunikasjon- og samhandlingsdirektør May Helen
Grimstad.
Samhandlingssjefen vil rapportere til Grimstad.
Otterlei tek over jobben etter Lena Bjørge Waage, som byrjar med eit
doktorgradsstudium.