Partnar får no vere med på ein større del av fødsel og barselopphaldet

Helse Møre og Romsdal legg til rette for at partnar i større grad får bli med før, under og etter fødsel. Det er også opna for at partnar får vere med på ultralyd i veke 18 ved negativ screening for covid-19.  

Illustrasjonsbilde frå barselavdelinga, helsepersonell og nyfødt

Etter Stortinget sitt vedtak om å legge til rette for at partnar kan vere meir til stades før, under og etter fødsel, har vi oppdatert våre retningsliner for fødande og partnar.

Her kan du lese dei oppdaterte retningslinene for fødande og partnar i samband med covid-19

Etablerer barselhotell ved Molde sjukehus

Total har vi no 13 barselplassar ved Molde sjukehus. 

– Det er gledeleg at vi har fått til ei ordning med barselhotell på Molde sjukehus. Grunna den ekstraordinære situasjonen med samlinga av fødande i Nordmøre og Romdsal til Molde sjukehus, er det eit større behov for barselsengar, seier avd.sjef Øyvind Nytun. I tillegg vil det bli større press på arealet for å ivareta smittevern når vi opnar for at partnar i større grad får bli med før, under og etter fødsel.  
– Det at vi no får på plass tre ekstra rom  som gir til saman 13 barselplassar, betyr mykje, seier Nytun.