HELSENORGE

Pasient har testa positivt på covid-19

Ein av pasientane som var karantenesett etter påvist smitte hos ein tilsett ved Ålesund sjukehus fredag, testa positivt for koronavirus seint måndag kveld.

Smittesporing pågår internt på sjukehuset og i samarbeid med Ålesund kommune.
– I tillegg til våre eigne tilsette kontaktar vi no dei få pasientane som pasienten har møtt på sjukehuset torsdag 15.april. Dette har vi god oversikt over, fortel smittevernoverlege Jørn-Åge Longva. Pasienten var også innom Ålesund legevakt og til behandling på sjukehuset fredag 16. april, men har då ikkje vore i kontakt med andre pasientar.

– Vi har god oversikt på smittesporinga, og har ikkje mistanke om pågåande utbrot inne på sjukehuset. Vi vil understreke at det er strenge smitteverntiltak i sjukehuset som gjer det trygt å kome til behandling, avsluttar smittevernoverlege Jørn-Åge Longva.