Signerte SNR-kontrakt med Angvik Grytnes Entreprenør AS

Måndag 21. juni signerte SNR-prosjektet kontrakten for bygging av den tekniske sentralen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Bygget skal innehalde tunge tekniske anlegg som skal forsyne akuttsjukehuset med energi.

Befaring på tomta
Øystein Angvik, daglig leder i Angvik Grytnes, Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR, Tine Grytnes Laskerud, styreleder i Angvik Grytnes, Helge Hestad, utbyggingssjef for SNR, Anders Solem, prosjektleder i SNR-prosjektet


- Det er særs gledeleg at det var ein lokal aktør som vant oppdraget. Dette er det fyrste bygget som blir reist seg på sjukehustomta og byggearbeidet vil starte opp tidleg i haust, seier Heidi Nilsen, leiar for prosjektstyret

God konkurranse

I den nye kontraktstrategien valde Helse Møre og Romsdal å dele opp SNR-prosjektet i fleire sidestilte entreprisar som legg til rette for at også lokale aktørar kan vinne oppdrag i prosjektet. Av dei tre entreprenørane som konkurrerte om entreprisen så leverte Angvik Grytnes det beste tilbodet målt på kvalitet og pris. Kontrakten har ein verdi på i underkant av 28. mill. kroner inkl. mva.

- Det er veldig kjekt at vi som lokal entreprenør får delta på bygginga av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Oppdraget har stor betyding for oss, prosjekteringsarbeidet startar opp allereie i morgon og vi ser fram til å kome i gang, seier Øystein Angvik, dagleg leiar i Angvik Grytnes Entreprenør AS.