HELSENORGE

Signerte to nye kontraktar for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Måndag kveld 1. november signerte Helse Møre og Romsdal to kontraktar med Bravida Norge AS til ein samla kontraktverdi på om lag 176 mill. kroner inkl. mva. 

Frå venstre; Petter Storhaug, regiondirektør for Region Midt i Bravida, Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR og Usman Riaz, avdelingssjef i Bravida

Bravida skal levere brannslukkeanlegg, samt medisinske gassar og trykkluft til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

- Vi er godt fornøgd med å få Bravida med i prosjektet. Dei er ein leverandør med solid kompetanse på leveransar til helsesektoren og vi ser fram til samarbeidet, seier leiar for prosjektstyret Heidi Nilsen.

Gjennom dei siste åra har Bravida levert til fleire sjukehusprosjekt i Norge og har nyleg ferdigstilt leveransar for Tønsberg-prosjektet, samt vunne kontraktar for Stavanger Universitetssjukehus(SUS) og nye Drammen sjukehus.

For Sjukehuset Nordmøre og Romsdal får Bravida oppdraget med å prosjektere og installere brannslukkeanlegg med sprinklar. Kontrakten har ein verdi på i overkant av 76 mill. kr. Bravida skal også levere eit komplett anlegg for medisinske gassar og trykkluft til ein verdi på om lag 100 mill. kr.

- Vi takker Helse Møre og Romsdal for at vi ble valt som leverandør til dette spennande prosjektet. Vi i Bravida har i ei årrekkje jobba målretta og strategisk for å vinne kontraktar som dei vi har vunne i SNR-prosjektet og eg vil gje ros til dei hos oss som har gjort dette mogleg, seier ein stolt Regionsdirektør for Region Midt i Bravida Norge, Petter Storhaug.
 

Over halvvegs i kontraheringsprosessen

Med signeringa av dei to kontraktane med Bravida har HMR så langt inngått 13 av totalt 23 kontraktar for SNR-prosjektet. Prosjektet har også innstilt til kontrakt for leveransar av AGV-robotar og elektroniske sikringsanlegg og planlegg signeringar av kontraktane innan kort tid.


SNR-prosjektet har fleire entrepriser er ute i marknaden, mellom anna innvendig arbeid, elektro og psykiatri- og habiliteringsbygget. Sjå oversikten her