
Heidi Nilsen, prosjektleiar for SNR-prosjektet
- Vi er godt fornøgde med å lande desse to viktige kontraktane no før jul. Vi har eit godt samarbeid med HENT AS som allereie er inne på råbygget. At dei no også får innvendig arbeid gjer at dei blir den største aktøren på byggeplassen. GK Norge AS er også ein solide aktør med erfaring frå større byggeprosjekt og sjukehusbygging i Norge og vi gler oss til å få dei med i prosjektet, seier Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR.
HENT AS sin andre SNR-kontrakt
Kontrakten med HENT AS består mellom anna av innvendig arbeid med veggar, golv og tak i det somatiske bygget og i den tekniske sentralen på Hjelset. Kontraktsummen er på om lag 800 mill. kroner inkl. mva.

Inngangen ved SNR Hjelset
- Dette er på alle måtar ei hyggeleg anerkjenning og tillitserklæring. Vi er allereie i gang med ein stor og utfordrande SNR-kontrakt på fundamentering, råbygg og tett bygg på somatikkdelen av sjukehuset, og med det gode samarbeidet som allereie er etablert med byggherre, ser vi verkeleg fram til å starte med innreiingsdelen etter ein god samspels- og prosjekteringsfase, seier Odd-Ivar Ekle, produksjonsdirektør i HENT AS.
Byggearbeida knytt til det innvendige arbeidet startar opp sommaren 2022
Erfaren ventilasjonsleverandør

GK Norge AS får ansvaret med å totalleveranse av ventilasjonsanlegg for den somatiske delen av akuttsjukehuset på Hjelset. Kontraktsummen er på om lag 160. mill. kroner inkl. mva.
- Sjukehus stiller strenge krav til reinheit, materialar og luftkvalitet. Vi er derfor særs glade og audmjuke over å vinne kontrakten med SNR. GK er involvert i fleire, store sjukehusprosjekt, og vi vil trekke erfaringar frå desse inn i SNR-prosjektet, seier Leif Øie, divisjonsdirektør i GK.
Om SNR-prosjektet
SNR Hjelset blir på om lag 60.000 kvadratmeter og SNR Kristiansund blir på om lag 5500 kvadratmeter. SNR skal dekkje eit opptaksområde på om lag 120.000 innbyggarar på Nordmøre og i Romsdal. Det nye fellessjukehuset skal etter planen vere i full drift våren 2025.