Signerte tre nye kontraktar for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Onsdag den 23. juni signerte SNR-prosjektet kontraktar om leveranse av bustadrigg, avfallssug og heis til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR og prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal

Vi opplever sterk konkurranse og fekk mange gode tilbod får leverandørar som blir viktige for oss i gjennomføringa av prosjektet. Derfor er det gledeleg å kunne styrke laget med ytterlegare tre samarbeidspartnarar i dag, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal.

Kontrakt om bustadrigg

Malthus Uniteam AS som er ein del av Algeco fekk kontrakten for leveranse av bustadriggar, kontor, kantine/forpleiing og spisebrakke/lomp til anleggsplassen på Hjelset. SNR-prosjektet sin del av kontrakten har ein verdi på over 30 mill. kr. inkl. mva. Brukarar av riggen kan gjere avtaler med Malthus Uniteam som kan auke verdien på kontrakten.

- Vi er takknemleg og stolt for den tilliten prosjektet har vist oss med tildelinga av kontrakten. Kontraktens storleik og omfang passar Algeco og våre samarbeidspartnarar perfekt, og vi gler oss til å kunne tilby gode fasilitetar for alle som skal jobbe med oppføringa av sjukehuset i åra som kjem, seier Morten Værholm, salgsdirektør i Algeco Norge AS.

Kontrakt om avfall

Envac Norge AS fekk kontrakten om komplett leveranse av avfallssug til akuttsjukehuset. Kontrakten har ein verdi på 15,6 mill. kroner inkl. mva

Kontrakt om heis

Schindler AS fekk kontrakten med å levere heisar til akuttsjukehuset med ein verdi på 21, 9 mill. kr. inkl. mva