Regjeringa har innført nye nasjonale smitteverntiltak mellom anna for å unngå å overbelaste helse- og omsorgssektoren.

Torstein Hole, fagdirektør i HMR
- Våre fagfolk legg til rette for trygg pasientbehandling. Det er viktig at alle pasientar møter opp til avtalt time, om du ikkje får beskjed om noko anna, seier Hole.
Gode erfaringar med digitale konsultasjonar
Gjennom pandemien har helseføretaket god erfaring med å tilby digitale konsultasjonar til dei pasientane som ønskjer det. Det kan vere konsultasjonar med bruk av video eller telefon.
- Ei stor pasientundersøking viser at videokonsultasjonar er godt likt av pasientane. 98 prosent av dei som gjennomførte ein videokonsultasjon vil føretrekke videokonsultasjon også om konsultasjonen skulle gjennomførast på nytt, opplyser fagdirektøren og tilrår dei som ikkje treng ei fysisk undersøking om å nytte seg av dette tilbodet.
Ta vaksina
Covid-pasientar er ei stor utfordring for sjukehusa i fylket sidan dei er ei særs ressurskrevjande pasientgruppe. Fagdirektøren oppmodar difor sterkt dei uvaksinerte i befolkninga om å ta vaksine.
– I tillegg bør alle som får tilbod om det, ta den tredje vaksinedosa så fort dei har moglegheit, seier Hole.
Dette er også noko brukarrepresentantane løfta fram som viktig i førre styremøte i HMR.
- Vi vil oppmode på det sterkaste om at dei innbyggarane som kan, tar vaksina. Både for å beskytte seg sjølv og andre. Og så vil vi oppmode folk til å bruke digitale konsultasjonar viss det er hensiktsmessig, seier Paula Næss Skår, leiar av Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal.
Per. 14. desember kl. 12.00 har HMR 21 covid-pasientar innlagt ved sjukehusa i fylket