– No kan legane ta opp bilde av blodutstryk frå der dei er, utan å måtte mikroskopere manuelt, fortel avdelingssjef for medisinsk biokjemi, Brit Valaas Viddal.
– Vi trur at dette vil betre diagnostisering av alvorlege blodsjukdommar i HMR. Ein hematolog eller barnelege kan òg vurdere celler i blodutstryk på tvers av sjukehusa og bioingeniørane kan utveksle caser og forbedre den erfaringsbaserte læringa på tvers av seksjonene i avdelinga vår, legg ho til.

Klinikksjef Per Erik Tødenes og avdelingssjef Brit Valaas Viddal.
Etterlengta fornying
Digital morfologi, Cellavision, er no installert ved alle sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.
– Eg var så heldig å få kome og få innsikt i dette nye vidunderet. Då møtte eg stolte bioingeniørar som viste meg maskina. Eg blir så glad når eg ser så mykje fagleg stoltheit. Dei har fram til no laga blodutstryk manuelt, farga og mikroskopert manuelt. Dette blir no tatt over av instumentet, og vi får standardisert arbeidsoppgåvene, sa adm.dir Øyvind Bakke under feiringa av det nye tilbodet.

Adm.dir Øyvind Bakke, fagbioingeniør Ida Dyrkorn og Anne Marie Strømsheim i Ålesund

Aleksander Berget i Volda
Samarbeid på tvers
Adm.dir understreker også at denne digitaliseringa er eit steg i riktig retning for meir samarbeid på tvers i føretaket.
– I framtida skal vi samarbeide endå meir i Helse Møre og Romsdal, både på tvers av organisering og fysiske lokasjonar. Digital morfologi er eit viktig bidrag i den retninga, sa direktøren.
Fornøgd med førehandsvisinga
– Instrumentet gjer ei grundig telling og gir oss kjempefine cellebilde, fortel seksjonsleiar for medisinske legar i Molde og LIS i hematologi, Ida Birkhaug. Ho er ein av legane som har sett fram til å få dette i Helse Møre og Romsdal.
– Digital morfologi gir oss betre moglegheit for felles gransking av blodutstryk, både med spesialist på eige og samarbeidande sjukehus. Det gir betre moglegheit for utdanning av legar, lettare å demonstrere funn for kollegiet og det er lettare å finne igjen utstryk på pasientar ved at det blir lagra digitalt, fortel Birkhaug.

I Molde: Frå høgre ser vi Karin Smørholm, Thea Berg, Maren Smestad, Marie Apell-Steinslien, Kristin Strand Farstad, Oddbjørn Tomren, Heidi Holtskog, Ida Ellegaard og Ida Monn Birkhaug.