HELSENORGE
Covid-19

Stenger for besøkande ved Volda sjukehus

To pasientar og to tilsette testa positivt for Covid-19 ved Volda sjukehus måndag ettermiddag. Smittesporing pågår. 

Volda sjukehus
Volda sjukehus
– Volda sjukehus er eit lite lokalsjukehus og medan smittesporinga pågår ønskjer vi minst mogeleg besøk inne på sjukehuset, fortel lokal krisestabsleiar Mona Ryste. Sjukehuset auka til grøn beredskap måndag ettermiddag. 

Det er ved to seksjonar smitten er oppdaga, og all planlagd aktivitet her er utsett. 
– Dei som får utsett timane sine får melding frå sjukehuset om dette. Andre kan kome til avtalen sin som planlagt, seier Ryste. Det er strenge smittevernstiltak ved sjukehuset, og det er framleis trygt å kome til time. Med auka smitte i samfunnet er også risikoen for smitte inne på sjukehusa større. Vi jobbar heile tida for å førebygge smitte inn til sjukehuset, forklarer Ryste. 

Fødande og kritisk sjuke kan framleis få besøk etter avtale med personalet.