Pasientar
Pasienter som har vore i Nordre-Follo, Oslo, Enebakk, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Moss, Frogn eller Våler, eller hatt besøk som har opphalde seg der dei siste ti dagane før avtalen skal du ikkje møte, men ringe oss først. Det same gjeld dersom du er i karantene, er bekrefta smitta sjølv, har vore i nærkontakt med personar som er bekrefta smitta med koronavirus eller har vore i utlandet dei siste ti dagane før avtalen. Dette gjeld også dersom du har /har hatt hoste, sår hals, tungpust eller feber den siste veka. Barn eller andre med særskilde behov for assistanse blir oppfordra til å ha med kun 1 ledsagar.
Tilsette
På reise/hatt besøk frå 22.01.21 – Arbeidskarantene i ti dager
Tilsette som har vore på reise til dei ti kommunane og/eller hatt besøk av personar frå desse kommunane frå og med 22.01.21 kl 01.00, skal i arbeidskarantene i ti dager. Dersom ein gjennomfører test dag 7, så kan karantene opphøyre ved negativ test.
På reise/hatt besøk siste ti dager – før 22. januar – skal teste seg før dei kjem på jobb
Tilsette skal teste seg før dei går på jobb og vente med å gå på jobb til testresultatet er klart. Ved negativ test skal ein gå på jobb og bruke munnbind. Ny test skal gjerast sju dager etter heimkomst eller besøk. Ved negativ test etter dag 7, opphøyrer bruk av munnbind.
Reiser i Norge
Fritids-/privatreiser som ikkje er strengt nødvendige, til kommunar der tilsette blir pålagd karantene ved heimkomst, blir fråråda frå og med i dag (25.01.2020). Det samme gjeld planlagde besøk fra aktuelle kommunar*. Gjennomfører den tilsatte likevel reiser vil den bli trekt i løn, eventuelt ferie-/avspaseringsdagar i karanteneperioda.»
Testing
Tilsette må ta kontakt med næraste leiar dersom dei er omfatta av nokon av tiltaka, og bestille test.
Behandling av pasientar
Sjå Koronavirusinfeksjon - Mottak og isolering av pasient med påvist eller mistenkt covid-19 (EQS, tilgjengeleg frå jobb-pc/heimekontorløysing)
Studentar
Studentar skal ikkje møte på sjukehusa/andre institusjonar
Studentar og praksisstudentar som har opphalde seg i dei aktuelle kommunane eller hatt besøk derifrå dei siste ti dagane, skal ikkje møte på sjukehusa/andre institusjonar i HMR før det har gått 10 dager etter tilbakekomst til Møre og Romsdal/etter besøket.
Studentar som har arbeidsavtale i HMR skal følge reglane for tilsette.
Tiltaka gjeld til ny informasjon vert gitt.
* Dette gjeld kommunane
- Nordre Follo
- Oslo
- Enebakk
- Ås
- Vestby
- Nesodden
- Indre Østfold
- Moss
- Frogn
- Våler
Sjå elles oppdaterte prosedyrer i dag: Covid-19 - ansatte og Covid-19 Spørreskjema til pasient/besøkande: viktig informasjon før oppmøte (EQS, tilgjengeleg frå jobb-pc/heimekontorløysing)