Styret vedtok å avbestille kontrakten med Skanska Norge AS

Styret i Helse Møre og Romsdal var samstemt i sitt vedtak om å avbestille resterande arbeid i akuttsjukehus-entreprisen med Skanska Norge AS. Bakgrunnen er at pristilbodet frå Skanska ligg over forventa pris.

Bilete frå signeringa av kontrakten med Skanska Norge AS i oktober 2019

- Det er sterkt beklageleg at vi ser oss nøydd til å avbestille kontrakten med Skanska. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal realiserast med dei funksjonane og kapasitet som er vedteke for prosjektet, men til ein akseptabel pris. Vi har eit ansvar for å få mest mogleg ut av dei helsepengane vi har til rådigheit. Basert på gjennomført kalkylearbeid og usikkerheitsanalysar har styret tiltru til at det er mogleg å gjennomføre prosjektet til ein rimelegare pris, sa leiar for styret i HMR Inge Theodorsen.

Forhandlingar med Skanska

Samlege styremedlemmar utrykte skuffelse over at føretaket ikkje kom til einigheit om ein gjennomføringsavtale med Skanska. Forhandlingane med mål om å kome til ein akseptabel pris for bygginga av akuttsjukehuset på Hjelset, har pågått sidan november 2020. 11.desember sendte adm. dir. eit varsel om avbestilling av kontrakten der Skanska  fekk frist til 18. desember for å kome med sitt endelege tilbod. Fristen blei vidare forlenga til 10. januar 2021 og Skanska leverte sitt endelege tilbod. Vedlagt tilbodet var ein framdriftsplan som viser at Skanska vurderer at dei ville blitt 9 månadar forseinka med gjennomføringa av prosjektet.

Ny gjennomføringsmodell

Arbeidet med ny gjennomføringsmodell blir no intensivert og styret vil få ei orientering om ny gjennomføringsplan og ny tentativ framdriftsplan i styremøtet 27. januar.

Gjennom samhandlingsfasen har partane vidareutvikle eit godt prosjekt som skal byggast slik det føreligg utan reduksjon av funksjonar og kapasitet. Ny gjennomføringsmodell vil ta utgangspunkt i grunnlaget frå samhandlingsfasen.

- Vi er glad for at adm. dir. raskt vil kome tilbake til styret med ei orientering om ny gjennomføringsmodell som sikrar framdrifta i prosjektet og ein tidlegst mogleg oppstart av gravearbeid på sjukehustomta på Hjelset, sa Theodorsen. 

Vil auke rammene

Basert på ei ny usikkerheitsanalyse for prosjektet gjennomført i januar 2021, vedtok styret å tilrå ovanfor Helse Midt-Norge at den økonomiske styringsramma for prosjektet blir auka frå 4 635 MNOK til 5 350 MNOK og at kostnadsramma for prosjektet blir auka frå 5 136 MNOK til 5 950 MNOK.