Styret vedtok å lyse ut nye tilbodskonkurransar for SNR

For å sikre framdrift og ei god realisering av akuttsjukehuset på Hjelset vedtok styret for Helse Møre og Romsdal i møtet 27. januar å lyse ut seks nye tilbodskonkurransar for prosjektet.

Resepsjonen ved akuttsjukehuset på Hjelset

- Styret har tillit til at prosjektet no blir vidareført på ein god måte. Det er viktig at HMR og Sykehusbygg sikrar at prosjektorganisasjonen har riktig og tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til gjennomføringa av prosjektet. Det er også særs viktig å ha tett oppfølging og kontroll på kostnadsutviklinga i det vidare arbeidet, sa leiar av styret, Ingve Theodorsen.

Styret stilte seg bak tilrådinga frå adm. dir. Øyvind Bakke om å dele prosjektet opp i fleire entrepriser.

- Vi vurderer at det vil leggje til rette for betre og breiare konkurranse i marknaden, enn om vi hadde valt ein ny totalentreprise for heile prosjektet. Eg er særs glad for at prosjektorganisasjonen har lagt opp til ein offensiv og realistisk framdriftsplan for utlysing og gjennomføring av nye konkurransar, sa Bakke.

Les presentasjon frå styremøtet her

Sjå film frå innsida av akuttsjukehuset

Følgjande tilbodskonkurransar blir lyst ut: 

  • Prosjektering: Konkurranse blir lyst ut snarast. Oppstart i mai
  • Arkitekt: Konkurranse ut snarast. Oppstart i mai
  • Grunnarbeid: Konkurranse ut medio februar. Byggestart tidleg i juni.
  • Fundament, råbygg og tett bygg: Konkurranse ut i slutten av februar, oppstart mot slutten av august.
  • Teknisk bygg: Konkurranse ut i slutten av februar, oppstart mot slutten av august
  • Bustadrigg: Konkurranse ut tidleg i mars, oppstart i midten av august

Utlysing av ein tilbodskonkurranse for psykiatribygget på Hjelset vil skje til hausten/vinteren 2021, men oppstart våren/sommaren 2022.

Fleire av styremedlemmane uttrykte av dei var nøgde med kontraheringsplanen som er lagt og som inneber det byggestart for akuttsjukehuset i juni i år. Samstundes ga fleire uttrykk for at dei var spente på korleis marknaden ville respondere på dei nye tilbodskonkurransane.

- Vi har tru på at ei oppdeling i fleire entreprisar vil vere betre tilpassa marknaden. I tida framover vil vi ha fokus på å ha god dialog og kommunikasjon med marknaden for å sikre interesse og god deltaking i konkurransane som vi skal lyse ut, sa Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR

Behov for medverking

Nilsen fortalte også at det vil vere stort behov for medverking i det videre arbeidet, så merdverkingsgruppene vil bestå.

- Det blir mellom anna behov for medverking i arbeidet med spesialrom og anskaffelse av utstyr, sa Nilsen.

Prosjektet har førebels lagt ein plan som gjer det mogleg å kontrahere to tredjedelar av alle entreprisar for akuttsjukehuset innan utgangen av 2021. I gjennomføringa av dei første konkurransane tek HMR atterhald om godkjenning av utvida låneramme frå Helse Midt-Norge.

Ein detaljert kontrakts- og gjennomføringsstrategi for prosjektet vil bli lagt fram til handsaming i for styret i møtet 03.03.21.

Les meir om prosjektet her