Til deg som skal føde på Nordmøre og i Romsdal

Frå 8. februar blei fødetilbodet på Nordmøre og i Romsdal samla midlertidig ved Molde sjukehus. Her er viktig informasjon til deg som har termin i 2021.

Frå fødeavdelinga  i Molde

Frå fødeavdelinga i Molde

Fødande som har termin i 2021 vil også få tilsendt informasjon.

Frå 8. februar er alle fødslar samla ved Molde sjukehus. Vi har stor forståing for at dette kan kjennast usikkert med tanke på reiseveg, men vi forsikrar deg om at vårt viktigaste mål er at du skal ha ei trygg og god oppfølging underveis fram mot fødsel. 

 
Du skal framleis følge vanlige kontrollar hos kommunejordmor og/eller fastlege, i tillegg til vanlege ultralyden på sjukehuset i svangerskapsveke 18/19. 

Kva skjer når du skal føde?

Du kontaktar fødeavdelinga i Molde og får råd av jordmor. Saman vil de finne fram til når det er på tide å reise inn til sjukehuset. Vi vil at det skal vere låg terskel for å ta kontakt og vi har låg terskel for å ta dykk inn til ei vurdering. I nokre tilfelle, om det passar for deg, kan det vere aktuelt med hotellopphald for å unngå mange turar fram og tilbake.

Om du har lang reiseveg til Molde sjukehus (over 90 minutt)

Første kontakta med oss blir ultralyden veke 18, denne får ein gjort både i Kristiansund og i Molde. Vi vil i tillegg kontakte deg i svangerskapsveke 35/36 for ein ekstra svangerskapskontroll til jordmor og gynekolog, der vi saman kan legge ein plan tilpassa dine behov fram mot fødsel. Vi vil også halde kontakta med deg på telefon. Vi tilbyr i tillegg kostnadsfritt hotellopphald inntil 14 dagar før termin til deg og partnar om de ønsker det. 

 
Vi har etablert ei forsterka beredskaps- og følgeteneste som vi meiner er blant dei beste i landet. Vi har beredskapsjordmor som er på vakt 24/7 som vil gjere vurderingar og følgje til sjukehus om det skulle bli nødvendig.  Dette kan være ei av våre eigne jordmødre, eller ho kan vere tilsett i kommuna. Nærare avtale om dette gjer vi på kontrollen rundt svangerskapsveke 35/36.

Når kan vi opne fødeavdelinga i Kristiansund?

Vi jobbar for gjenopning av fødeavdelinga i Kristiansund 1. desember 2021. Ein føresetnad for gjenopninga er at vi har eit godt fagmiljø med nok faste folk til å kunne drive fagutvikling og dekke vakter. 

Så lenge vi har opne fødeavdelingar skal det vere synonymt med trygge arbeidsforhold for dei tilsette, og dermed eit trygt fødetilbod for kvinnene i Møre og Romsdal. 

Har du spørsmål?

I denne vanskelege situasjonen er vi opptatt av at du skal følge deg trygg og ivaretatt. Har du spørsmål, kan du kontakte fødeavdelinga direkte. 

Kontaktinformasjon:


Fødeavdelinga Molde frå og med 08.02.2021:
Telefon 71 12 17 57


 

Kontaktpersonar:
Seksjonsleiar Cecilie Lysgård, cecilie.lysgard@helse-mr.no
Avdelingssjef Øyvind Nytun, oyvind.nytun@helse-mr.no