HELSENORGE

Tilbake med fagmøte for fastlegar og kommuneoverlegar

Endeleg kan Helse Møre og Romsdal igjen invitere til dialogmøte/fagmøte med fastlegar og kommuneoverlegar. Det første møtet er allereie 6. oktober i Ålesund.  

Praksiskonsulent Stian Endresen
Praksiskonsulentane står for førebuing og gjennomføring av møta, her ved praksiskonsulent Stian Endresen.
– Desse møta har vore ein viktig relasjonsbyggar mellom Helse Møre og Romsdal, fastlegar og kommuneoverlegar. Vi er glade for at pandemisituasjonen endeleg tillet at vi kan treffast igjen, seier praksiskonsulent Stian Endresen. Dei første møta er i Ålesund 6. oktober, i Volda 16. november og vi jobbar med å få på plass møtedatoane i Molde og Kristiansund, legg Endresen til. Møta skaper ein arena for dialog og skal også legge til rette for spennande fagleg påfyll.  


For første møtet i Ålesund er følgjande på programmet: 

17.30: Velkomen ved adm.dir Øyvind Bakke 

17.45: Psykiatri i Covid-tid. Kva måtte Helse Møre og Romsdal gjere og kva konsekvensar fekk dette for tilvisingane? Ved avdelingssjef Eirik Molvær 

18.15: ØNH fordelar og moglegheiter ved nytt navigasjonssystem. Kva for pasientar kan vi behandle på ØNH i Ålesund? ved seksjonsleiar Lars Duwe 

18.45: Stereotaktisk strålebehandling (SBRT/SRT) og bruk av kunstig intelligens. Kva for pasientar kan vi behandle i Ålesund og kven må til St.Olavs hospital? Ved seksjonsleiar Nils Eivind Skottner 

Diskusjon 

Ca 19.15: Dialog om korleis vi kan gi eit betre tilbod til våre felles pasientar. Innleiing ved fagdirektør Torstein Hole.  

 ​
Møta blir arrangert i samarbeid med praksiskonsulentane og gir tellande utdanningspoeng.