Tilrår å lyse ut nye tilbodskonkurransar for SNR

For å sikre framdrift og ei god realisering av akuttsjukehuset på Hjelset tilrår adm. dir. i HMR, Øyvind Bakke, å dele opp prosjektet i fleire totalentreprisar. Etter planen går tilbodskonkurransar for prosjektering og arkitekttenester ut i marknaden tidleg i neste veke.

Resepsjonen ved inngangen til akuttsjukehuset


- Prosjektstyret for SNR har vurdert at ein oppdeling av prosjektet vil leggje til rette for betre og breiare konkurranse i marknaden, enn om vi hadde valt ein ny totalentreprise for heile prosjektet. Eg er særs glad for at prosjektet har lagt opp til ein offensiv og realistisk framdriftsplan for utlysing og gjennomføring av nye konkurransar, seier Bakke.

Vegen vidare

Etter at styret i HMR 21. januar vedtok å avlyse resterende arbeid i kontrakten med Skanska, har prosjektet intensivert arbeidet med ny gjennomføringsmodell. Til grunn for det vidare arbeidet ligg den prosjekterte løysinga frå samhandlingsfasen, med dei funksjonane og kapasiteten som er vedteke for akuttsjukehuset

Les styresaka her

25.-26. januar var prosjektstyret samla for å vurdere vegen vidare for prosjektet og i si tilråding til adm. dir. la dei fram følgjande plan for utlysing av nye konkurransar.  

Prosjektet tilrår at følgjande tilbodskonkurransar blir lyst ut dei neste 6 vekene:

  • Prosjektering: Utlysing snarast. Oppstart i mai
  • Arkitekt: Utlysing snarast. Oppstart i mai
  • Grunnarbeid: Konkurranse ut medio februar. Byggestart tidleg i juni.
  • Fundament, råbygg og tett bygg: Konkurranse ut i slutten av februar, oppstart mot slutten av august.
  • Teknisk bygg: Utlysing i slutten av februar, oppstart mot slutten av august
  • Bustadrigg: Konkurranse ut tidleg i mars, oppstart i midten av august

- Dersom styret stiller seg bak kontraheringsplanen inneber det byggestart for akuttsjukehuset i juni i år. Vi har førebels lagt ein plan som gjer det mogleg å kontrahere to tredjedelar av alle entreprisar for akuttsjukehuset innan utgangen av 2021. I gjennomføringa av dei første konkurransane tek HMR atterhald om godkjenning av utvida låneramme frå Helse Midt-Norge, seier leiar for prosjektstyret Heidi Nilsen

Ein detaljert kontrakts- og gjennomføringsstrategi for prosjektet vil bli lagt fram til handsaming i for styret i møtet 03.03.21.