- Dessverre har helseføretaket og Skanska ulikt syn på kva det vil koste å realisere akuttsjukehuset på Hjelset. Vi ser oss derfor nøydd til å avbestille kontrakten med Skanska, seier Bakke.
Forhandlingar sidan november
Forhandlingane med mål om å kome til eit felles syn på kva som er ein akseptabel pris for bygginga av akuttsjukehuset på Hjelset, har pågått sidan november 2020. 11.desember sendte adm. dir. eit varsel om avbestilling av kontrakten der Skanska fekk frist til 18. desember for å kome med sitt endelege tilbod. Fristen blei vidare forlenga til 10. januar 2021 og Skanska leverte sitt endelege tilbod. Styret i Helse Møre og Romsdal skal behandle saka i styremøte torsdag 21. januar.
- Tilrådinga byggjer på vedtaket fatta av prosjektstyret 18.januar. I deira vurderinga av det endelege tilbodet frå Skanska konstanterte prosjektstyret at tilbodet ikkje var vesentleg endra frå tidlegare tilbod og prosjektstyret var samstemt i si tilråding, seier Bakke.
Behov for auka rammer
Basert på det føreliggande akuttsjukehusprosjektet har prosjektorganisasjonen utarbeidd ein ny prognose for SNR-prosjektet på 5 170 MNOK. Det er ei auke på 400 mill. kroner frå prognosen som blei presentert i samband med optimalisert forprosjekt i juni 2020.
- Gjennom samhandlingsfasen har partane vidareutvikle eit godt prosjekt, men ein har ikkje lukkast med å redusere kostnadane i tilstrekkeleg grad. Basert på at akuttsjukehuset allereie har vore gjennom to forprosjekt så vurderer eg at prosjektet bør byggast slik det føreligg utan reduksjon av funksjonar og kapasitet. Ny gjennomføringsmodell vil ta utgangspunkt i grunnlaget frå samhandlingsfasen, seier Bakke.
Basert på ei ny usikkerheitsanalyse for prosjektet gjennomført i januar 2021, tilrår Bakke vidare at den økonomiske styringsramma for prosjektet blir auka frå 4 635 MNOK til 5 350 MNOK og at kostnadsramma for prosjektet blir auka frå 5 136 MNOK til 5 950 MNOK.
- Før jul blei det klart at rammene for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal måtte aukast. Anbefalinga frå prosjektstyret og dei to usikkerhetsanalysene som er gjennomført legg grunnlaget for tilrådinga mi om ei auke av rammene, seier Bakke.
Vil sikre framdrift
Gitt at styret vedtek å avbestille kontrakten med Skanska så vil prosjektstyret og prosjektorganisasjonen intensivere arbeidet med ein alternativ gjennomføringsmodell.
- Eg har kalla inn til eit nytt møte for prosjektstyret allereie 25.-26. januar for å diskutere alternative gjennomføringsmodellar. Det er særs viktig å sikre framdrift og vi vil leggje opp til eit effektivt kontraheringsløp der det mellom anna er viktig å raskt kome i gang med graving på sjukehustomta, seier Heidi Nilsen, leiar for prosjektstyret og viseadm. dir. i HMR.
Etter planen vil styret i føretaket få orientering om ei tentativ framdriftsplan i det ordinære styremøtet 27. januar.