Tilrår ny SNR-strategi

Basert på ei totalvurdering av pris, marknad og risiko, tilrår adm. dir. Øyvind Bakke at styret i Helse Møre og Romsdal skal vedta ein gjennomføringsmodell for SNR-prosjektet som inneber sidestilte entreprisar.

Nytt akuttsjukehus på Hjelset skal stå klart til bruk i 2025

- Eg er nøgd med at vi har kome godt i gang med å lyse ut nye konkurransar. Det er avgjerande for å sikre framdrifta og realisering av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Tilrådinga til ny gjennomføringsmodell vil sikre naudsynt framdrift og bygging av akuttsjukehuset på Hjelset, seier Bakke

Les styresaka her

Vil sikre god konkurranse

Kontraktsstrategien som blir lagt fram for styret omfattar både store og små entreprisar. Det legg til rette for at prosjektet kan trekkje til seg eit breitt spekter av aktørar for å sikre god konkurranse. Dei fem første entreprisane er allereie ute i marknaden der fyrste steg er å få om bord prosjekterande og arkitektar.

- Prosjektet legg opp til eit effektivt kontraheringsløp der storparten av entreprisane for akuttsjukehuset på Hjelset er kontrahert i 2021. Vi ser fram til dialogen med marknaden og til å motta tilbod frå aktørar som vil bidra til at befolkninga på Nordmøre og i Romsdal får eit framtidsretta og godt sjukehustilbod, seier Heidi Nilsen, leiar av prosjektstyret for SNR.

Ulik storleik på entreprisane

Storleiken på entreprisane er vurdert ut frå dei ulike marknadssegmenta prosjektet ønsker å nå, og opp mot marknaden sin fagvise spesialisering. Grunnentreprisen kan til dømes vere aktuell for fleire små og mellomstore entreprenørar lokalt og regionalt og byggestart er planlagd til tidleg i juni 2021. Råbyggentreprisen til vere aktuell for større entreprenører med planlagd oppstart i august 2021. Førebels inndeling av entreprisane og tentativ plan for utlysing av desse er:

Føringar for gjennomføringa

Prosjektet skal innafor styringsramma på 5 350 MNOK (tal i september 2020-kr.) etablere eit fullverdig akuttsjukehus på Hjelset med vedtekne funksjonar og kapasitet, samt spesialisthelsetenestefunksjonar som vedteke i DMS Kristiansund. Optimalisert forprosjekt og funksjonsprosjektet er grunnlaget for det vidare arbeidet.

Les meir om prosjektet her