HELSENORGE

Tilsett smitta ved Ålesund behandlingssenter

Torsdag kveld testa ein tilsett ved Ålesund behandlingssenter positivt på Covid-19. 


​Ein tilsett ved Ålesund behandlingssenter på Moa testa positivt for korona torsdag 29. juli. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men har fulgt smittevernrutinane til Helse Møre og Romsdal.
- Smittesporing og testing er sett i gong blant tilsette og pasientar, og vi har kartlagt smittevegen, seier avdelingsleiar Kari Marie Remø Nesseth ved Ålesund behandlingssenter. Nesseth legg til at dei er i kontakt med og følgjer opp dei pasientane som den tilsette har vore i nærkontakt med.

Før situasjonen er klarlagt, så vil det ikkje bli tatt inn nye pasientar til døgneininga ved behandlingssenteret. Pasientar som treng eit akuttilbod vil få det ved andre einingar i Helse Møre og Romsdal.