Helsenorge
Covid-19

Tilsett ved Ålesund sjukehus smitta av Covid-19

Tysdag 24. august testa ein tilsett ved Ålesund sjukehus positivt på Covid-19. Smittesporinga viser at den tilsette ikkje har hatt nærkontakt med ubeskytta pasientar eller kollegaer.

– Pasientane som har vore i kontakt med den tilsette har blitt informert direkte om hendinga. Smittevegen er førebels ikkje kjent og sporing held fram i kommunen, fortel klinikksjef Jorun Bøyum. 

Den tilsette som har testa positivt er vaksinert med ein dose og har følgt smittevernrutinane i kontakt med pasientane og tilsette. Smittesituasjonen får ingen konsekvensar for drifta ved sjukehuset og pasientar som har innkalling til time skal møte som normalt.