Tilsette smitta av korona i Ålesund og Volda

Ein tilsett ved Ålesund sjukehus og ein tilsett ved DPS Volda fekk fredag 16. april påvist Covid-19. Tilsaman 10 tilsette er i karantene.

Fredag testa ein tilsett ved klinikk for diagnostikk ved Ålesund sjukehus positivt på Covid-19. Ein tilsett er sett i karantene og ein tilsett er i ventekarantene.

Ein tilsett ved Ålesund sjukehus har testa positivt på Covid-19 fredag. I samband med den positive prøven er også to andre tilsette sett i karantene. Personen som har testa positivt har fått ein dose av Astra Zeneca vaksina i februar. Den tilsette har hatt pasientkontakt, men har fulgt smittevernrutinane i kontakt med pasientane og tilsette.
- Vi arbeider no med å kontakte dei pasientane som den tilsette har vore i møte med. Det har vi god oversikt over. Smittevegen er under avklaring, seier klinikksjef Ålesund sjukehus Elisabeth Siebke, og legg til at den tilsette ikkje har vore på jobb etter at symptoma meldte seg.  

Sie
bke fortel at dei rutinemessig har rapportert saka til Folkehelseinstituttet sidan den smitta tilsette blei vaksinert i februar. 

Ein smitta og 8 i karantene ved DPS poliklinikk Volda


Ein tilsett fekk i går fredag påvist Covid-19 ved distriktspsykiatrisk poliklinikk Volda. Åtte tilsette er sett i karantene.

Fredag testa en tilsett positivt for korona ved distriktspsykiatrisk poliklinikk i Volda. I samband med dette er åtte tilsette satt i karantene. Den tilsette som har testa positivt har ikkje hatt pasientkontakt.
- Smittevegen for den tilsette som har testa positivt er kjend, og alle smittevernrutinar er tatt i vare, seier avdelingssjef DPS Sunnmøre Eirik Molvær.

Molvær fortel at i komande veke blir dei konsultasjonane som er fagleg forsvarleg flytta over til telefon og video, slik at hendinga får minst mogleg konsekvens for pasientane. Alle pasientar som dette gjeld vil få beskjed.

Den psykiatriske poliklinikken held til i eit eige bygg, og dermed har ikkje hendinga konsekvens for drifta ved dei andre seksjonane ved Volda sjukehus.