To tilsette koronasmitta ved Ålesund sjukehus

I dag onsdag 17. mars testa to tilsette positivt på Covid-19 ved Ålesund sjukehus. Personane har ikkje hatt direkte pasientkontakt og smittevegen er kjent. 

​På grunn av hendinga er ytterlegare 10 tilsette i karantene og ventekarantene.
- Vi anser ikkje smitterisikoen for stor, men vi oppfordrar likevel pasientar som har vore på Ålesund sjukehus ved kirurgisk/ortopedisk poliklinikk mandag ettermiddag og overvektspoliklinikken mandag å vere ekstra oppmerksom på symptom, seier smittevernoverlege Jørn Åge Longva i Helse Møre og Romsdal. Longva legg til at desse bør ha lav terskel for å teste seg i kommuna si ved symptom.