Covid-19

Treng framleis besøksstopp på sjukehusa

På grunn av smittesituasjonen i delar av Møre og Romsdal blir besøksstopp videreført for alle institusjonar i Helse Møre og Romsdal, foreløpig fram til 29. april. Andre tiltak, som bruk av munnbind, heimekontor og reiserestriksjonar er også vurdert, og noko justert.

Kjernegruppa for covid-19 i Helse Møre og Romsdal vurderer fortløpande risiko og tiltak etter smittesituasjonen for å gi trygge rammer for pasientbehandling og for våre tilsette.

For å avgrense antal personar som er innom sjukehusa og institusjonane i Helse Møre og Romsdal har kjernegruppa vurdert at der er nødvendig å videreføre besøksstopp ved alle våre institusjonar. Ei eventuell lette på tiltaka blir vurdert 29. april. 

Besøksstopp gjeld også for våre tilsette som er pårørande til inneliggande pasientar. Dette er for at avdelingane skal ha god kontroll på kven som til ei kvar tid har vore innom avdelinga.

Tiltaket omfattar ikkje besøkande til pasientar i livets siste fase og partnar til fødande, barselkvinner og ledsager til barn. Slike besøk må avtalast direkte med avdelingane.

Bruk av munnbind i Helse Møre og Romsdal


  • Vi tilrår alle pasientar, med eventuell ledsager, å bruke munnbind ved oppmøte til time. På grunn av andre smitteverntiltak som er iverksett, med adgangskontroll, screening og oppfølging, er munnbind hos oss ei tilråding, og ikkje eit påbod 
  • Vi tilrår våre tilsette å bruke munnbind når ein ikkje kan oppretthalde avstand på 1 meter til pasientar og kollegaer 

Heimekontor og reiser mellom sjukehusa

Tiltak om heimekontor er justert frå skal til bør. Dette betyr at stabsfunksjonar kan legge opp til enkelte dagar på kontoret. Klinisk personell, også seksjonsleiarar i klinikkane skal som hovudregel vere på sjukehusa.

Reiser mellom sjukehusa/institusjonane skal avgrensast til eit minimum. Kun reiser som er nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift, eller dersom leiarar ser det nødvendig for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av personale, kan gjennomførast.