- Eg gler meg til å bli betre kjent med fagfolka ute på sjukehusa og institusjonane, og til å utvikle økonomiavdelinga vidare. At vi det siste året – i den spesielt krevande situasjonen helsevesenet har stått i – har klart å halde aktivitetsnivået oppe og sørga for at pasientane som treng behandling, får det - skyldast i stor grad ein solid innsats og omstillingsevne frå fagfolka der ute. Det gjenspeilast også i økonomien, som no er langt meir robust enn tidlegare, seier Sperre.
Sperre har lang erfaring frå helsevesenet, og jobba i Helse Bergen før hun kom til Helse Møre og Romsdal som budsjett- og analysesjef.
Sperre har leiarutdanning frå Befalsskolen, og er utdanna siviløkonom fra Norges Handelshøyskole.
I Helse Møre og Romsdal har ho vore involvert i arbeidsgruppa som har jobbet med ny inntektsmodell i Helse Midt-Norge.
- Eg er svært glad for at Trine har takka ja til å bli vår økonomidirektør på permanent basis. Eg veit at ho brenn for å utvikle økonomiavdelinga og Helse Møre og Romsdal vidare, seier viseadministrerande direktør Heidi Nilsen.
Økonomidirektøren vil få plass i leiargruppa, og vil rapportere til viseadministrerende direktør.
- Med Trine får vi en engasjert og fagleg dyktig økonomidirektør. Ho har eit stort hjarte for helseføretaket og kjenner sjukehusdrifta godt. Eg ser fram til å samarbeide med ho, sier adm.dir Øyvind Bakke.
Det var 16 søkarar til stillinga som økonomidirektør, der fem ble kalt inn til intervju.